|
UiTø og HiTø:
Utreier tettare samarbeid
Vil Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Tromsø bli slått saman? No har styra ved UiTø og HiTø sett ned eit felles utval som mellom anna skal vurdere ulike alternative løysingar for eit nærmare fagleg og organisatorisk samarbeid.
Av Torgunn Wærås
 Innan helsefag har det allereie vore samarbeid i fleire år mellom UiTø og HiTø. Illustrasjonsfoto: Ola Røe
Det ferske utvalet har fått i mandat å a) kartleggje eksisterande samarbeid b) peike på område der samarbeidet kan styrkjast c) peike på område der det ikkje er samarbeid i dag, men kor det er naturleg å utvikle eit nærmare samarbeid d) skissere og vurdere ulike alternative løysingar for eit nærmare fagleg og organisatorisk samarbeid og peike på kva som eventuelt hindrar eit slikt samarbeid av meir formell karakter (lovar og reglar) og e) peike på føresetnader og vilkår som må oppfyllast for å få til eit nærmare fagleg og organisatorisk samarbeid.
Utvalet har tre medlemmar frå Høgskolen, fire frå Universitetet og ein student som representerer både UiTø og HiTø. Frå UiTø: Professor Vinjar Fønnebø (Med.fak.), professor Gunnar Grepperud (Unikom), professor Einar Niemi (SV-fak) og studiedirektør Ingrid Bergslid Salvesen. Frå HiTø: Dekan Ulf Mack Growen (Avdeling for ingeniør- og økonomifag), dekan Toril Hansen (Avdeling for helsefag) og studiesjef Øystein Aspaas. Studentrepresen-tanten skal veljast av Studentstyret ved UiTø og Studenttinget ved HiTø. Einar Niemi er leiar for utvalet. Begge lærestader skal oppnemne kvar sin sekretær, og Trond Skogvoll, jurist ved Studieavdelinga, er sekretær for Universitetet. Høgskolen sin sekretær er ennå ikkje peika ut.
Utvalet skal møtast for første gong om eit par veker. Tanken er at utvalet skal ha innstillinga si klar ved slutten av vårsemesteret i år 2000.
|