|
Trur på samanslåing
Både rektorane og direktørane ved Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø trur dei to lærestadene vil bli slått saman om få år. Samanslåing vil kunne gi store fordelar både fagleg og administrativt, meiner dei. – Men dette må vere ein prosess. Her gjeld det å ile langsamt, seier leiarane.
Av Torgunn Wærås
 Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø har allereie utvikla eit nært samarbeid på fleire område. Biletet er frå messa «Jobb & utdanning» i Oslo i februar, der HiTø og UiTø hadde felles stand. Foto: Torgunn Wærås
Ei samanslåing kan vere ein realitet om to, tre, kanskje fire år, meiner rektor Lisbeth Halse Ytreberg og høgskoledirektør Ben Schei ved HiTø. Universitetsdirektør Harald Overvaag meiner eit slikt tidsperspektiv vil vere rimeleg, medan rektor Tove Bull ved UiTø, som tok initiativet til eit nærmare samarbeid, ikkje har lyst til å seie noko eksakt om kor lang tid ho trur prosessen vil ta.
– Samarbeid er alltid bra, men me må ta eitt steg om gongen. Kva som vil skje vidare, kjem an på kva som skjer elles innan høgare utdanning i Noreg, meiner Bull.
Ho trur ei samanslåing i Tromsø vil kunne kome raskt dersom til dømes einskilde høgskolar i sør skulle få status som universitet.
Ein føresetnad for samanslåing er at både fagmiljøa, dei administrativt tilsette og studentane ved dei to lærestadene er positive. Ikkje nokon av leiarane ønskjer å trumfe gjennom ei samanslåing for ein kvar pris. Men dei er heller ikkje i tvil om at ei god samordning av ressursane vil vere eit gode.
Særleg aktuelt i Tromsø
– Nærmare samarbeid vil vere særleg aktuelt og særleg viktig i ein landsdel som Nord-Noreg og i ein by som Tromsø, meiner universitetsdirektør Harald Overvaag.
Det ligg godt til rette for meir fagleg kontakt mellom UiTø og HiTø, med fleire fagområde som overlappar kvarandre innan både lærarutdanning, realfag og helsefag. Innan helsefag har det allereie vore samarbeid i fleire år, og det er utvikla eit felleskurs for ferske helsefagsstudentar ved UiTø og HiTø. Avdeling for helsefag og Det medisinske fakultet deler lokaler i Medisin- og helsefagbygget i Breivika.
På det administrative planet er det og samarbeid, med mellom anna felles bibliotek for helsefag, samarbeid om studieadministrativt system og samarbeid om studentrekruttering gjennom prosjektet «Studentbyen Tromsø». Ikkje minst er Studentsamskipnaden i Tromsø, som har vore felles sidan 1. januar 1997, eit viktig kontaktpunkt.
Gammal idé
Tankane om samanslåing av høgskole og universitet i Tromsø er ikkje nye. Allereie i ein intensjonsavtale frå 1991 vart det understreka at forholda i Tromsø låg særleg godt til rette for at ein felles organisasjon skulle kunne vekse fram gjennom auka fagleg samarbeid. KUF, med statsråden i spissen, sette i 1994 ein effektiv stoppar for tankane før dei fekk utvikla seg vidare. Men mykje har skjedd innan høgare utdanning sidan den tid, og skiljet mellom høgskole- og universitetssektoren har gradvis vorte mindre. Frå 1. januar 1996 kom ein felles lov om høgskolar og universitet, og etter det, har tilnærminga mellom dei to sektorane skote fart. Mellom anna tilbyr fleire og fleire høgskolar no utdanning opp til hovudfag og arbeider og for å kunne tildele doktorgrad. Ein høgskole, Høgskolen i Stavanger, har fått rett til å kunne tildele doktorgrad og Bodø og Agder ser ut til å komme etter ganske snart. Høgskolane har og auka aktiviteten innan forsking.
Snart berre ein sektor?
Noko av det aller siste som har skjedd, er at Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet går inn for eitt felles råd innan høgre utdanning. Nyleg gjekk både desse to råda og Noregsnettrådet inn for å endre lova om universitet og høgskolar slik at institusjonane sjølve kan velje om dei vil kalle seg høgskole eller universitet alt etter kva dei meiner er dekkjande for institusjonen. I dag blir kvar einskild institusjon nemnt med namn i loven. Tilrådinga kjem fordi ein er redd for at mangfaldet i sektoren vil bli ramma viss ein ikkje endrar loven. Dersom til dømes retten til å tildele doktorgrad vil vere eit kriterium for å kunne kalle seg universitet, kan ein tenkje seg at mange høgskolar vil kjempe for å kunne tildele doktorgrad. Kampen om å få kalle seg universitet vil dermed bli på universiteta sine premissar – utan at høgskolane sitt særpreg, med til dømes mange profesjonsutdanningar og vekt på erfaringsbasert kunnskap, ikkje får vere med og prege utviklinga.
Noregsnettrådet går og inn for at det skal bli mogleg – som ein alternativ karriereveg – å oppnå faglege toppstillingar via førstelektorkompetanse.
Endringar i loven
Rektor Tove Bull ved UiTø trur at ei eventuell samanslåing mellom Høgskolen og Universitetet vil kunne gje ringverknader innan høgare utdanning i Noreg som ein ikkje heilt kan sjå for seg på førehand. Ho trur likevel ikkje det vil vere aktuelt å slå saman høgskole og universitet i dei andre universitetsbyane – på grunn av storleiken.
Høgskolen i Tromsø er ein mellomstor høgskole med om lag 2300 studentar og Universitetet i Tromsø er det minste universitetet i landet med om lag 6300 studentar. Sjølv om dei to blir slått saman, vil det «nye» universitetet likevel vere langt mindre enn kvart av dei andre universiteta i Noreg.
Om det skulle bli aktuelt med ei samanslåing mellom UiTø og HiTø, ligg forholda betre til rette for det enn nokon gong. Stortinget vedtok tidlegare i år ei endring i universitets- og høgskoleloven slik at det er mogleg å søkje dispensasjon frå KUF for å gjere pedagogiske og organisatoriske forsøk. Endringsforslaget kom frå KUF-komiteen i Stortinget, som ønskte å gi universitet og høgskolar større fridom til å organisere seg sjølve og prøve ut nye ordningar for styring.
Denne artikkelen er ei redigert utgåve av ein artikkel som sto på trykk i Håja, internorganet ved Høgskolen i Tromsø, tidlegare i år.
|