|
EU sitt femte rammeprogram:
Geologi med europeisk vri
Er det mogleg å hente opp olje og gass frå djupet på kontinentalskråninga på ein trygg måte? Og kan norske korallrev brukast til å lokalisere olje og gass på havbotnen? Slike spørsmål vil kunne få svar gjennom tre nye prosjekt som Institutt for geologi nettopp har fått midlar til gjennom EU.
Av Torgunn Wærås
 | Arbeidet startar opp i februar/mars, fortel professorane Jürgen Mienert og Tore Vorren ved Institutt for geologi. Til saman har instituttet fått seks millionar kroner fordelt over tre år frå EU for å delta i prosjekta. Industribedrifter, som Hydro og Statoil, støttar og forskinga. Grunnen til det tette samarbeidet med industrien har si forklaring. Eit nøkkelspørsmål for dei som leitar etter olje, er nemleg kva for forhold som påverkar stabiliteten på kontinentalskråninga. Dette fordi selskapa no leitar etter olje ikkje berre på kontinentalsokkelen, men og på -skråninga. Som for eksempel på Storegga utanfor Nordvestlandet – ein av tre plassar på norsk kontinentalsokkel der det har gått store ras etter siste istid. Professor Jürgen Mienert er koordinator for det eine prosjektet, COSTA, medan koordinatorane for STRATAGEM og ECOMOUND kjem frå Storbritannia og Tyskland. |
Initiativ frå Tromsø
Hadde det ikkje vore for forskarane ved UiTø, ville det neppe blitt noko av dei tre prosjekta. Det heile starta i fjor, da Institutt for geologi inviterte kollegaer i Europa til ein arbeidsdugnad i Tromsø – nettopp for i fellesskap å utvikle gode samarbeidsprosjekt for forsking på kontinentalskråninga. I alt fire av framlegga frå Tromsø-dugnaden i mai 1999 fekk tildelt midlar frå EU – UiTø er med på tre av dei.
– EU-prosjekta vil styrke det gode geologimiljøet vi allereie har ved Universitetet i Tromsø. Prosjekta er basert på grunnforsking, men i geologi er det kort veg mellom grunnforsking og bruksretta forsking. Mykje av forskinga vi gjer kan takast i bruk med ein gong, som til dømes risikoanalysar og modellar over utviklinga av kontinentalsokkelen, seier professor Tore Vorren.
I tillegg til Mienert og Vorren, er førsteamanuensis Karin Andreassen med på prosjekta. Det vil dessutan bli tilsett fleire doktorgradsstipendiatar og post.doc.-stipendiatar etter kvart.
Frå USA til Europa
Tidlegare samarbeidde Institutt for geologi mest med forskarar frå USA. Da EU-programma kom, stimulerte det til meir samarbeid med forskarar i Europa og har etter kvart skapt nye forskarnettverk.
– Geologiprosjekta har som mål å sjå ulike geologiske prosessar knytt til kontinentalsokkelen i eit heilskapleg perspektiv, og da nyttar det ikkje å studere sokkelen frå berre eitt land, seier Mienert og Vorren.
|