|
EU sitt femte rammeprogram:
Kurs i å skrive EU-søknad
Av Torgunn Wærås
 |
Professor Jürgen Mienert (t.v.) og professor Tore Vorren ved Institutt for Geologi. Foto: Torgunn Wærås |
12. mai arrangerer Forskingsavdelinga ved UiTø kurs for dei som ønskjer meir kunnskap om korleis ein søknad til EU sitt femte rammeprogram bør sjå ut.
EU har strenge regler for korleis søknaden skal skrivast.
– Det kan vere vanskeleg å finne fram i informasjons- og papirflommen frå EU. Me vil gjere det lettare for dei som ønskjer å søke om midlar, og arrangerer derfor dette kurset, fortel Sidsel Grønvik, nestleiar ved Forskingsavdelinga.
Kurshaldar er Dr. Sean McCarthy frå Irland. Han har hatt slike kurs i mange land, og får gode tilbakemeldingar. McCarthy har sjølv koordinert rundt 20 forskingsprosjekt under tidlegare rammeprogram frå EU.
Det vil bli lagt ut informasjon om kurset på Forskingsavdelinga si heimeside på Internett. Invitasjon til å delta vil bli sendt ut seinare, men interesserte kan ta kontakt med Forskingsavdelinga no for nærmare informasjon. Kurset er opent både for forskarar og for administrativt tilsette.
For aktuell informasjon:
www.adm.uit.no/forskningsavd/index.htm
|