|
EU sitt femte rammeprogram:
Førebels 15 EU-millionar til UiTø
Av Torgunn Wærås
Så langt har forskarar ved Universitetet i Tromsø fått løyvd rundt 15 millionar kroner, fordelt på elleve prosjekt, frå EU sitt femte rammeprogram. Men mange har framleis ikkje fått svar på søknadene sine, og det er nye freistar for å søkje om midlar både i februar, mars, juni og seinare. Derfor reknar nestleiar Sidsel Grønvik ved Forskingsavdelinga med at det blir fleire EU-prosjekt ved UiTø etter kvart. Under EU sitt fjerde rammeprogram var det litt over 20 prosjekt som fekk midlar ved UiTø. Dei fleste av desse er no avslutta eller i ferd med å bli avslutta.
|