|
UKULTUR
Fagfellevurdering er det norske ordet for «peer review». Det er gjennom slik fagfellevurdering vi vurderer den faglige kompetansen til enkeltpersonar, anten det er snakk om søkjarar til vitskaplige stillingar, eller det dreier seg om andre former for kompetanse- eller opprykksvurderingar. Gjennom eit slikt vurdringssystem held vi oppe eit slags laugssystem i Akademia; somme er innafor lauget, andre er utafor; somme blir vurderte og funne for lette, andre kryp gjennom nålauget og kjem såleis inn i laugsvarmen.
Faglig vurdering kan per definisjon bare utførast av fagfolk. Det gjeld på godt og vondt. Men systemet er skjørt, og det legitimerer ikkje seg sjølv utan vidare. Det krevst faglig sjølvstende og høg faglig integritet av dei som skal forvalte eit slikt seleksjonssystem og vere med på å vurdere potensielle kollegaer. Og det krevst menneskelige eigenskapar som evne til desentrering og empati.
Fagfellevurderingar bygger på faglig skjønn. Slikt skjønn varierer alt etter overordna vitskapsteoretisk eller vitskapsfilosofisk syn. Faglig usemje og faglige konfliktar er ein del av kvardagen på eit universitet. Det er som det skal vere. Men det er ikkje som det skal vere når den slags konfliktar rammar sakeslause personar som ikkje har gjort anna enn å be om å få ei vurdering, eller har søkt på ei ledig stilling. Det er sjølvsagt alltid freistande å slåss for «eigne» kandidatar, for dei ein deler fagsyn med, eller dei ein har rettleidd i forskarutdanninga. Men når det blir slike omsyn som bestemmer resultatet av vurderinga, forvaltar vi systemet dårlig og kan såleis bidra til at det forvitrar innafrå ved at det mistar all legitimitet.
Frå tid til anna ser vi eksempel på vurderingar av enkeltpersonar som både rammar og skader den det gjeld. Alle må vi tole å bli vurderte kritisk, og alle risikerer vi å få ei vurdering der vi ikkje når opp til ein gjeven standard. Men ingen skal måtte tole å bli omtalt på måtar som totalt fråkjenner dei all fagligheit og kompetanse. Det må vere ein ufråvikelig regel at alle uttrykte negative vurderingar av ein person skal dokumenterast. Og det er sjølvsagt ikkje personar som er under vurdering, men den faglige produksjonen deires.
Professor Reidar Bertelsen skreiv i eit tidligare nummer av Tromsøflaket eit innlegg om vurdering som dom eller rettleiing. Vi gjør alle klokt i å sjå på rolla vår i vurderingskomitear som ei rettleiarrolle. Vi er ikkje sette til å dømme folk slik at dei kjenner seg dømde nord og ned. Det er ikkje anna enn alminnelig folkeskikk og anstendigheit å omtale dei som ikkje blir rangert høgast i ein konkurransesamanheng, på måtar som gjør at dei sjølve opplever at dei får ei rettvis vurdering, og helst slik at det gjev faglig innsikt å lese vurderinga. Vurderingskomitear kan godt sukre pillar som elles ville vere vonde å svelgje. Å gjøre det motsette, å dynke vurderingspillar i eddik, er uttrykk for ein ukultur som vi bør ta eit oppgjør med.
Tove Bull |