HJEM



Debatt:

Svar til Paul Martin Opdal

I siste nummeret av Tromsøflaket stiller Paul Martin Opdal nokre spørsmål på bakgrunn av eit tidlegare innlegg i den faste rektorspalta mi. Innlegget mitt hadde tittelen «Ukultur». Temaet eg tok opp, var uetiske og uakseptable måtar å omtale søkjarar til vitskaplege stillingar på. Det spørsmålet Opdal tar opp, er om og eventuelt i kor stor grad innlegget mitt var relatert til ei konkret tilsettingssak ved SV-fakultetet, ei sak han sjølv omtaler som «langvarig, konfliktfylt og godt kjent». Den saka dreidde seg om tilsetting i ei mellomstilling. Eg kjenner saka fordi ho blei anka til universitetsstyret. Og styret gjorde eit samrøystes vedtak i tråd med fleirtalet i fakultetsstyret, der styret beklaga språkbruken i omtalen av ein av søkjarane.

Innlegget mitt i Tromsøflaket hadde såleis denne saka som bakgrunn. Ein annan måte å seie det på er at innlegget mitt var inspirert av denne konkrete tilsettingssaka. Men eg ser det slik at det ville vere urett av meg å ta opp enkeltsaker i rektorspalta. Og det er fjernt for meg å bruke spalta til å reise direkte eller indirekte kritikk av identifiserbare enkeltpersonar. Derfor vinkla eg innlegget mitt heilt allment. Den konkrete enkeltsaka var på det tidspunktet eg skreiv, ute av verda, og eg såg ikkje noko poeng i å gå inn på ho i det heile. Styret hadde sagt det som skulle seiast, og vi var ferdige med saka. Eg for min del har ikkje hatt noko ønskje om å granske hjarte og nyre til den aktuelle vurderingskomiteen. Det har eg heller ingen kompetanse til. Det interessante for meg er det allmenne og generelle som slike enkeltsaker kan illustrere meir eller mindre godt, men sjølvsagt aldri fullt ut.

Eg meinte og meiner framleis at dei prinsipielle og allmenne spørsmåla som den konkrete saka reiser, var det vel verdt å bruke spalteplass på. Det er ikkje det same som å felle dom i ei enkeltsak. Vi kan alle, eg sjølv inkludert, ha godt av å bli minte om at når vi omtaler levande personar av kjøt og kjensler, gjeld det å vakte ord og tastatur.

Tove Bull,
rektor


[Eldre nummer] [Søk] [UiTø's hjemmeside] [Informasjon]


Universitetet i Tromsø, Informasjonsavdelingen, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 49 82
Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør Morten Thoresen
Vev-ansvarlig: Lars Nordmo Oppdatert: 23. juni 2000