|
Høyringa: Nei til samanslåing – ja til samarbeid
Viss styra ved UiTø og HiTø berre skal høyre på kva einingane ved dei to institusjonane meiner, blir det ikkje samanslåing. Dei fleste seier nei til samanslåing, men ja til å utvikle det samarbeidet som finst allereie.
Universitetet i Tromsø:
Forskarforbundet: Tar ikkje stilling.
2fo: Åtvarar mot samanslåing. Institusjonane sine oppgåver blir best tatt hand om gjennom framleis å vere to institusjonar. Oppfordrar til samarbeid. Noregs fiskerihøgskole: Ser positivt på prosessen som er sett i gang og støttar ei nærmare integrering. Dette vil styrke UiTø. Rår til vidare utgreiing.
NITO: Ser det som ein fordel at UiTø og HiTø lever side om side som sjølvstendige institusjonar. Åtvarar mot samanslåing, men ser positivt på samarbeid.
Tromsø Museum – Universitetsmuseet: Går inn for å vidareutvikle eksisterande samarbeid, men åtvarar mot samanslåing.
Studentstyret: Seier førebels verken ja eller nei, men ønskjer ein vidare prosess der ein ser grundigare på kva ei samanslåing vil innebere.
Det juridiske fakultet: Styret bør ikkje gå vidare med planane om ei samanslåing.
Personalavdelinga: Samarbeidet i dag fungerer godt og kan utviklast vidare utan samanslåing. Før endeleg vedtak må det gjerast ei grundig konsekvensanalyse.
Forskingsavdelinga: Det er potensial for meir samarbeid om forsking, men det er neppe naudsynt med ei samanslåing for å få til slike prosjekt viss det er interesse for det i forskingsmiljøa.
Det samfunnsvitskaplege fakultet har ikkje kome med ei felles fråsegn, men Institutt for pedagogikk og Institutt for sosiologi har levert innspel.
Institutt for pedagogikk: Ser det ikkje fagleg tenleg å gå inn for eit utdanningsvitskapleg fakultet.
Institutt for sosiologi: Universitetet og Høgskolen bør halde fram med å være to institusjonar.
Det humanistiske fakultet: Støttar ei vidareutvikling av UiTø og HiTø kvar for seg, men innafor rammene av eit gjensidig samarbeid.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet: Universitetet bør ikkje gå vidare med planane om ei samanslåing. Rår heller til vidare samarbeid.
Det medisinske fakultet: Ser stort sett berre negative konsekvensar ved ei samanslåing, og ser ikkje potensial for gevinst verken innan forsking, undervisning eller administrasjon.
Universitetsbiblioteket: Sluttar seg til ideen om samanslåing, men fleire forhold krev nærmare avklaring før ei samanslåing kan skje.
Senter for samiske studiar: Pliktene UiTø og HiTø har og framleis skal ha må bli analysert før ein tar endeleg stilling til samanslåing.
Høgskolen i Tromsø:
Avdeling for helsefag: Saka må utgreiast nærmare.
Avdeling for ingeniør- og økonomifag: Tida er ikkje moden for fusjon, og høgskolestyret må stoppe prosessen om samanslåing. Samarbeidet mellom UiTø og HiTø må fortsette.
Avdeling for kunstfag: Ei samanslåing vil vere ei god løysing for begge institusjonar.
Avdeling for lærarutdanning: Er i utgangspunktet positiv til ei samanslåing. Det må gjerast greie for dei organisatoriske, personalpolitiske og økonomiske vilkåra.
Fellesadministrasjonen: Ei samanslåing må utgreiast nærmare, og ein bør vurdere ulike modellar for organisering av ein eventuell ny institusjon.
2fo: Kan vanskeleg støtte ei samanslåing så lenge dei administrative og økonomiske konsekvensane ikkje er gjort nærmare greie for.
NTL 116-12: Har ikkje tatt stilling. Meiner «Venner for livet?» er eit godt utgangspunkt for diskusjon, men før endeleg avgjerd kan takast, må fleire problemstillingar og organisasjonsmodellar bli vurdert.
Forskarforbundet: Kan ikkje, ut frå innstillinga, ta endeleg stilling. Konsekvensane må gjerast nærmare greie for.
Studenttinget: Ser positivt på innstillinga «Venner for livet?», og ser store fordelar ved ei samanslåing. Forventar vidare utgreiing.
Barnevernet sitt utviklingssenter i Nord-Noreg: Ser klare regionalpolitiske fordelar ved ei samanslåing. Synst tidsaspektet er for kort, og at konsekvensane ikkje er godt nok gjort greie for.
Andre instansar:
Dei to gode naboane sitt råd (studentgrupper ved UiTø og HiTø): Støttar forslaget om samanslåing.
Studentsamskipnaden i Tromsø: Er positive. Samanslåing vil gjere arbeidet med studentvelferden enklare og meir effektivt.
|