|
ÆRESDOKTORAT VED
UNIVERSITETET I TROMSØ
Ved dei siste æresdoktorutnemningane har det komme opp ein diskusjon om forholdet mellom «faglige» eller «vitskaplige» æresdoktorar på den eine sida og «politiske» på den andre. Universitetet har eit reglement som primært fangar opp den første gruppa. Der står det at universitetet som hovudregel ikkje tildeler æresdoktorat oftare enn kvart femte år.
Det kan nok vere at dei politiske oppnemningane fell utanfor reglementet; det kan ein i så fall enkelt løyse ved å endre reglementet. Men for denne gruppa æresdoktorar vil det vere nokså meiningslaust å gje tilsvarande reglar om frekvens, tidspunkt og antal. Det ligg i sjølve saka at forslag om slike æresdoktortildelingar vil kunne dukke opp ad hoc, ut frå bestemte politiske situasjonar.
Dei to første æresdoktorane blei kreerte i 1982. Dei to var Kjell Bondevik, som var kyrkje- og utdanningsminister da UiTø blei vedtatt oppretta, og Peter F. Hjort, leiar av interimstyret og universitetets første rektor, altså ein æresdoktor på politisk og ein på faglig grunnlag. Og sidan har vi hatt begge typane æresdoktorat. Ei rask oppteljing viser om lag halvparten av kvart slag. Ein kan sjølvsagt meine at forholdet mellom dei to kategoriane er skeivt, eller ein kan meine at ein ikkje skal utnemne æresdoktorar på politisk grunnlag i det heile. Den siste oppfatninga ser det ikkje ut til at noko universitetsstyre har hatt sidan universitetet tok til å oppnemne æresdoktorar.
Her til lands ser Universitetet i Tromsø ut til å vere aleine om å ha institusjonalisert ein praksis med politiske æresdoktorar. Slik eg ser det, er det ein fordel for oss. Ute i verda elles er politiske æresdoktorat minst like vanlige som faglige. Dei blir delte (kritikklaust?) ut til politikarar, til kongelege, ja, til alle som får ei eller anna form for permanent kjendisstatus. Slik er det ikkje, og bør det ikkje bli, hos oss.
Dei fleste utnemningane her i Tromsø blir foreslått av enkeltindivid eller fagmiljø. Rektor og universitetsleiinga har tatt initiativ til nokre få. Da er det interessant å konstatere at det først og fremst er politiske æresdoktorat som blir foreslått frå fagmiljøa. Det vil vel elles passe best å kreere æresdoktorar på faglig grunnlag i samband med ei eller anna viktig hending på universitetet, eit jubileum e.l., og da gjerne meir enn èin om gongen. Ein slik praksis må sjølvsagt koordinerast frå sentralt hald.
Eg meiner vi har god grunn til å vere stolte av den profilen Universitetet i Tromsø har utvikla når det gjeld politiske æresdoktorar. I sentrum står menneskerettar og ytringsfridom, nokså romsleg tolka. Utnemningane markerer svært tydelig at universitetet tar på alvor det utoverretta kritiske samfunnsansvaret som vi har. Så langt eg kjenner til, er alle politiske utnemningar blitt svært positivt mottatt av omverda. Ikkje minst har utnemninga av Mordechai Vanunu, ei utnemning som jo er svært kontroversiell, vekt stor merksemd. Eg har i mi tid som rektor aldri tidligare mottatt så mange støtteerklæringar til noko av det universitetet har gjort, som i dette tilfellet. Etter at utnemninga av Vanunu var blitt offentlig kjend, har det ikkje gått ein einaste dag utan at eg har fått e-post med til dels panegyrisk ros av universitetet. Det kjem e-brev frå heile verda, også frå Israel. Det overtyder iallfall meg om at universitetets politikk på dette området ikkje bør endrast.
Tove Bull |