Kløver i enga, nytte eller plage
Arne Oddvar Skjelvåg
Er blandingar med fleire artar av kløver og gras meir produktive og stabile enn det enkle blandingar av ein grasart og ein kløverart er?
Bakgrunn:
IPM har teke del i eit europeisk samarbeid med tittelen: ’Quality Legume-Based Forage Systems for Contrasting Environments’. Tre eigenskapar hos engvekstane har her agronomisk interesse: 1) N-fiksering, 2) etableringsevne og 3) kor varige dei er. Det er difor brukt fire artar, som skil seg frå kvarandre etter kor raskt dei etablerer seg i enga:
G1: Rask grasart: fleirårig raigras
G2: Sein grasart: hundegras
L1: Rask engbelgvekst: raudkløver
L2: Sein engbelgvekst: kvitkløver
Dersom ein kombinerer to raske artar av gras og belgvekst med slike som etablerer seg seint, men er varigare, vonar ein å få gras- belgvekstblandingar som har høgare avlingspotensial (totalavling). Raskt etablerande artar har den føremonen at dei gir høg avling i starten, og at dei kan hemme ugrasvekst straks etter såing. Dei seint etablerande artane har den føremonen at dei i seinare år kan fylle gapa som kjem der dei raskt etablerande går ut. Hypotesane som skal testast er såleis:
· Belgvekstar i enga gir høgare avlingar (hovudsakleg på grunn av at gras og belgvekstar brukar ulike N-kjelder)
· Komplekse artsblandingar er meir stabile enn to-artsblandingar
For å granske dette nærmare vart det lagt ut feltforsøk i mange land, blant anna på forsøksgarden Vollebekk ved IPM. Feltet vart etablert sommaren 2002, og siste hausteåret var 2005. Data for vêr, jord, gjødsling, avling og botanisk analyse m.m. ligg føre.
Oppgåve: Å analysere taltilfanget og tolke variasjonen mellom ymse blandingar av gras og kløver.
Rettleiarar:
Arne Oddvar Skjelvåg, tlf. 64 96 56 11 (kontor), 907 85 137 (mobil),
e-post: arne.skjelvag@umb.no
Ole Hans Baadshaug , tlf. 64 96 56 14, e-post: ole.baadshaug@umb.no
Oppdatert: 01.01.07
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn