Hovedmeny Hovedinnhold Kontakt RSS
Om UMB
Utdanning
Forskning
English
Universitetet for
miljø- og biovitenskap
Institutt for plante- og miljøvitenskap

Hovedsiden

English

VELKOMMEN
Styret
Ansatte
Faggruppene

Studier
Student ved IPM

Forskning
Publikasjoner
Doktorgrader
Forskningsgruppene

Isotoplaboratoriet

Månedens plante

Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)

Haustraps og haustrybs til matolje og proteinfôr

Arne Oddvar Skjelvåg


Rapsblomar
Rapsblomar
Foto: Arne Oddvar Skjevåg
Desse vekstane har fått auka interesse som kjelde til matolje og til proteinfôr i økologisk landbruk. Dyrkingsområdet i Noreg er avgrensa, og overvintring er kritisk for å lykkast. IPM har eit prosjekt i lag med Bioforsk, der ein følgjer plantane med detaljerte observasjonar frå såing om hausten og heilt fram til mogning neste sommar. Formålet er å finna dei kritiske vilkåra for vekst, utvikling, overvintring og mogning.

Feltforsøk er i gang på UMB, Bioforsk (Trøndelag og Toten) og Sveriges lantbruksuniversitet kjem med i 2007. Observasjonar vert gjorde av bladdanning om hausten og våren, tidspunkt for knoppsetting, blomstring, avblomstring og mogning utetter vår og sommar. Desse observasjonane skal setjast i samband med vêrobservasjonar for å finna funksjonelle samanhengar mellom ymse vêrfaktorar og utviklingsfart.

Det vert lagt særleg vekt på overvintring. Både kulden plantane er utsette for, og tida i frosen eller ufrosen tilstand tærer på evna til å tola låge temperaturar og den vekstkrafta plantane har til kvar tid. Plantar skal difor takast inn til fleire tider gjennom vinteren. Det vert da testa kor låge temperaturar dei toler før dei døyr, og andre plantar vert sette i vekstkammer for å måla vekstpotensialet deira ved kvar inntakstid.

Studentar som ønskjer å vera med på dette arbeidet, vil få ta del i nokre av observasjonane gjennom veksetida og om vinteren. Største arbeidsoppgåva vert å leggja til rette data, analysera dei og skriva sjølve mastergradoppgåva.

Rettleiar
Arne Oddvar Skjelvåg
tlf. 64 96 56 11 (kontor), 907 85 137 (mobil)
e-post: arne.skjelvag@umb.no

Oppdatert: 01.01.07
Utskriftsvennlig versjon : Arkiv : Tips en venn
 
Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)

Postboks 5003
1432 Ås

Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15

Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01
E-post: ipm@umb.no


Opptak til masterprogrammer - søknadsfrist 1. desember
Frist 1. desember

Det levende universitetet i Ås - 2007
Det levende universitetet

Slideshow from UMB
Virtuell tur på UMB

Nettbutikk
Profileringsartikler