Hovedmeny Hovedinnhold Kontakt RSS
Om UMB
Utdanning
Forskning
English
Universitetet for
miljø- og biovitenskap
Institutt for plante- og miljøvitenskap

Hovedsiden

English

VELKOMMEN
Styret
Ansatte
Faggruppene

Studier
Student ved IPM

Forskning
Publikasjoner
Doktorgrader
Forskningsgruppene

Isotoplaboratoriet

Månedens plante

Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)

Mastergradsstudent: Birgit Bjørhovde Rindal

Institutt for plante- og miljøvitenskap

Mastergradsoppgåve- tittel:

”Arsen, krom og kopar i gass-, væske og tørrstoffraksjon frå mikrobølgepyrolysert trykkimpregnert trevirke”.


Veiledar: Elin Gjengedal (IPM)
Birgit Bjørhovde Rindal
Birgit Bjørhovde Rindal


Presentasjon av oppgåva:
Norge er eit forbrukarsamfunn og dei seinare åra har mengda avfall auka dramatisk. Ein type avfall er CCA (krom, kopar og arsen)- trevirke som har blitt brukt i til dømes telefonstolpar, terrasser, hagemøblar og leikestativ i mange år, men blei forbode då undersøkingar viste at skadelege sambindingar av krom, kopar og arsen etterkvart lekker ut frå trevirket og blir tilgjengeleg for opptak i plantar, dyr og menneske.
I masteroppgåva mi ser eg nærmare på mikrobølgepyrolyse som ein teknologi for gjenvinning av CCA-trykkimpregnert trevirke til lønsame og lagringsbare produkt. Trevirket blir varma opp ved hjelp av mikrobølger i eit oksygenfritt miljø, og grunnstoffa/sambindingane fordampar ved ulike temperaturar. Ved å nytte eit destillasjonsoppsett basert på kondensering får vi samla opp ein olje. Samtidig blir det òg danna gass og ein tørrstoffrest av trevirket i mikrobølgeovnen. Oljen kan bli brukt til
Destillasjonsoppsett nytta i mikrobølgepyrolyse
Destillasjonsoppsett nytta i mikrobølgepyrolyse
Foto: Birgit B. Rindal
oppvarming og/eller biodrivstoff, gassen kan bli brukt til oppvarming, og tørrstoffresten kan tenkjast å bli brukt som grillkòl eller reduseringsmiddel i industrien. I denne prosessen er det naudsynt å identifisere dei forureinande uorganiske sambindingane i dei ulike pyrolysefraksjonane, og dette er altså mi oppgåve å finne ut ved hjelp av massespektrometri.

Litt om meg sjølv:

Eg er født og oppvaksen på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Der fullførte eg allmennfag i 2000, og var såpass lei skule at eg jobba på slaktehuset den hausten og tente gode pengar. Etter det studerte eg realfag ved Universitetet i Bergen eitt år, før eg fant ut at Ås var den rette plassen for meg. Her starta eg på naturvitenskaplege fag og planen var å studere bioteknologi for å lære å klone både mat og dyr slik gjekk det (heldigvis) ikkje, og eg hoppa over på ein 2-årig master i miljøkjemi. Sommaren 2006 var eg på Svalbard der eg tok eit kurs i arktisk mikrobiologi, og hadde den kaldaste men mest opplevelsesrike sommaren nokon gong! Eg har vore nestleder i ”Nat.Sværmerne” og sit no som studentrepresentant i programutvalget for kjemi. GG- hallen har vore flittig besøkt medan eg har gått på NLH/UMB. Tida på Ås har vore utrulig bra, både fagleg og sosialt, men no er tida inne for å flytte på seg og forhåpentligvis få seg ein jobb. Vi møtes igjen under Uka i Ås 2008!!
Birgit Bjørhovde Rindal
Birgit Bjørhovde Rindal


Oppdatert: 02.02.07
Utskriftsvennlig versjon : Arkiv : Tips en venn
 
Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)

Postboks 5003
1432 Ås

Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15

Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01
E-post: ipm@umb.no


Opptak til masterprogrammer - søknadsfrist 1. desember
Frist 1. desember

Det levende universitetet i Ås - 2007
Det levende universitetet

Slideshow from UMB
Virtuell tur på UMB

Nettbutikk
Profileringsartikler