Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)
Mastergradsstudent: Georg Smedsland
Institutt for plante- og miljøvitenskap
Mastergradsoppgave – Kålfluenes flygeadferd
Veileder: Richard Meadow (Bioforsk plantehelse)
 Georg Smedsland |
Presentasjon av oppgåva:
Kålfluene,
Delia radicum og
Delia floralis, er dei mest alvorlege skadegjerarane i korsblomstra grønsakproduksjon i Noreg. Reguleringa av kålfluene har vore basert på bruk av ulike fosformidlar der samtlige nå er vorte ulovleg. Det er derfor stort behov for ny viten og nye miljøvennlege metodar for å effektivt kunne regulere kålfluene. I masterarbeidet undersøker eg kålfluenes flygadferd i samband med egglegginga. Registreringar er gjort med limfeller i forskjellig høgder. Målet er å finne ut om kålfluene flyr nær marka når dei søker vertsplanter for egglegging. Ein del av undersøkingane går også på korleis vegetasjon/topografi verkar inn på flygehøgda. Som ein naturleg del av desse undersøkingane prøver eg ut fysisk utestenging med gjerde som reguleringstrategi mot kålfluene.
 Bilete av hovudfeltet på Smedsland. |
Litt om meg sjølv:
Eg er 27 år og kjem frå Audnedal kommune i Vest Agder fylke. Der har eg vakse opp på garden Smedsland med mjølkeproduksjon og noko grønsaker. Eg har alltid vore interessert i planteproduksjon, så det var naturlig at eg gjekk vidaregåande på Lyngdal jordbruksskole. Etter jordbruksskulen dro eg til Hamar og høgskolen i Hedmark og tok ein bachelor grad i økologisk landbruk. Etter dette har eg jobba i Debio, sammt vore sivilarbeidar i Aust Agder/Agder forsøksring. Før eg byrja her på UMB tok eg eit årsstudie i KRL. Masterstudiet her på UMB starta eg opp hausten 2004. Her på UMB har eg tatt for det meste plantevern og planteproduksjonskurs.
Utanom studia er eg engasjert i norsk landbruk. Eg sitter mellom anna som styremedlem i ungdomsutvalet til Norsk bonde og småbrukarlag.
 Teljing av kålfluer. |
 Limfellar i ulik høgd. |
Oppdatert: 02.02.07
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn
Institutt for plante- og miljøvitenskap (IPM)
Postboks 5003
1432 Ås
Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15
Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01
E-post:
ipm@umb.no