Månadens forsking - Karbohydrater og feitt som energikjelde til sledehundar
Øystein Ahlstrøm
Sledehundar blir trena som toppidrettsutøvare gjennom året og optimal ernæring og fôring er viktig for å oppnå gode resultat. Fysiologien og næringsstoffsomsetninga til hunden viser at den er ein langdistanseløpar som i stor grad utnyttar feitt og protein som energikjelder, og i mindre grad karbohydrat. Hunden har likevel eit behov for glukose som ei essensiell energikjelde til muskelarbeid, særleg ved høge intensitetar.
 Bilettekst: Yeti, Yifter, Ying, Yahoo, Yoda, Yang, Vidar og Yankee har stoppen for fotografering. Foto: Jan Reinertsen |
Sledehundeløp varer over kortare og lengre distansar, og det er truleg slik at karbohydrat er viktigare som energikjelde under kortare løp på 20-30 km i høg fart enn i dei lange løpa som går i moderat fart (15 km/t) over mange dagar i lave temperaturar. Under lange løp som Iditarod, er det vist at høgenergi fôr som berre består av feitt og protein fungerer svært godt. Dette er ei tilpassing som rovdyr (ulvar/hundar) har utvikla som følgje av den naturlege dietten deira som for det meste består av protein og feitt, men også noko karbohydrat frå byttedyr.
I :hundefôrmarkedet er det tørrfôrtypane som dominerer fordi anvendeligheten er svært god samanlikna med våtfôr som krev meir plass, anna lagring og som ofte har lågare energikonsentrasjon på grunn av det høge vassinnhaldet. For aktive hundar har det likevel vist seg at våtfôr som består av mykje feitt og tilstrekkeleg med protein har fordelar samanlikna med fôr som inneheld karbohydrat. Årsaka til dette er truleg fleire, men særleg at hundar har ei særdeles god evne til å utnytte feitt som energikjelde til muskelarbeid og har eit velfungerande system for å endre protein til glukose. Hundar har altså eit stort fysiologisk behov for glukose, men det kan dei skaffa seg ved nedbryting av protein og litt frå feitt. Det virke derfor som hundar som spring sakte og lenge og med aerob forbrenning køyrer på ”dieselmotor” og fungerer best med mykje feitt som energikjelde, mens i kortare løp vil det vere viktigare å bruke ”bensinmotoren” av og til, noko som krev meir karbohydrat eller protein som kan omdannast til glukose.
 Månadens forsking - Karbohydrater og feitt som energikjelde til sledehundar Foto: Jan Reinertsen |
Forsøket gjennomførast med 8 alaskahuskier som i ein 14 dagars periode får eit tørrfôr der 35 % av energien kjem frå karbohydrat, deretter vil dei i neste 14 dagars periode få eit karbohydratfritt fôr. Hundane vil være i et treningsprogram hvor den fysiske ytelsen vil bli undersøkt ved måling av løpshastighet og puls. Målingar av fôropptak, registrering av gjødselkonsistens og fordøyingsevne av næringsstoffa i fôret vil gi svar på om kva fôrtype hundane trivast best med.
Overgang fra det ene fôret til det andre vil foregå fra en dag til den neste og vil gi informasjon om hvor lang tilpassingstid en hund trenger til et nytt fôr. Blodanalysar av hundane kan gi svar på korleis hundane omset dei to fôrtypane som energikjelde til muskelarbeid, og korleis overgangen påverkar nivået av ulike næringsstoff og nedbrytingsprodukt av næringsstoff i blodet.
Forsøket er ein del av IHA si forsking på ernæring av aktive hundar.
Oppdatert: 07.11.07
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn