Frå eggcelle til ferdig korn
Institutt for plante- og miljøvitenskap
Over 70 % av menneskas kaloriinntak kjem frå næringsstoffa i korn og frø, men likevel byd utviklinga frå bestøving til moge korn, på mange gåter...
 Doktorgradsarbeidet til Lene Therese Olsen har bidratt til ny kunnskap om utviklinga av frøet. Foto: Even Bratberg Foto: Even Bratberg |
Den genetiske utrustinga er fastlagt i og med befruktinga. Frå den befrukta eggcella utviklar det seg ulike celletypar: kimen (embryo), frøkvita (endospermen) og 1-3 lag med næringsrike celler (aleuroncellene) rett under frøskalet. Det er dette siste som blir borte i fint mjøl og i polert ris. Korleis den eine befrukta cella blir spesialiserte til ulike oppgåver, er ennå ikkje forstått. Det vi veit er at gena er de same, men bruksmåten – genreguleringa – er ulik. Å identifisere desse gena som regulerer dei andre, er temaet for doktorgraden til Lene Therese Olsen, som har fått tittelen:
’Lokalisering og funksjonenelle studier av DEK1 og interagerende gener i celleskjebne spesifisering i planter.
Hun skal forsvare avhandlinga på Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) den 14. desember.
Avhandlinga prøvar å finne dei gena som til rett tid avgjer at visse celler vert til frøkvita, andre til aleuroncellene. Ved hjelp av ulike mutasjonar der den normale prosessen går galt, søkjer doktoranden å identifisere dei ’normale’ gena.
Særskilt i fokus er mutasjonen ”Defekt kjerne 1” (DEK-1) i mais. Der dette genet er mutert vert aleuroncellene uregelbundne og frøutviklinga defekt. Det viser seg at det same genet trengst ikkje berre for normal frøutvikling i mais og bygg, men også i modellplanten vårskrinneblom. Genet sin virkemåte synest av å gjere normal celledeling også i andre delar av plantene. Ved hjelp av moderne molekylærbiologiske metodar som genmodifisering, sekvensering og mikroskopi har Lene Therese Olsen med doktorgradsarbeidet sitt bidratt til ny kunnskap om dette viktige fagområdet.
Lene Therese Olsen (30) er frå Halden. Ho er høgskuleingeniør fra Høyskolen i Østfold frå 1999 og tok mastergraden i molekylærbiologi/genetikk ved UMB i 2002. Ho tok til som doktorstipendiat ved UMB i 2003 og har hatt studieopphald i Storbritannia og USA. Eit av arbeida er trykt i tidsskriftet The Plant Cell, eit av verdas høgast rangerte tidsskrift innan plantebiologi. Etter avslutta doktorgrad skal hun fortsette forskningsarbeidet på UMB.
Even Bratberg
Åsmund Bjørnstad
Oppdatert: 12.03.08
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn