Yrkeseksempel Skogfag
Studieavdelingen
Kristen Bruset arbeider som skogbrukssjef i Lesja kommune. Han har teke Master i skog, miljø og industri og avslutta utdanninga si i 2004. I si mastergradsoppgåve tok han føre seg skogskjøtsel.
 Kristen Bruset, Lesja kommune |
- Kan du fortelle litt om din nåværende jobb?
- Som kommunens einaste tilsette innan skogbruk har eg ansvaret for alt som måtte dukke opp innanfor dette fagfeltet. Det kan vera arbeid knytt til tilskotsforvaltning, skogavgift og oppgåver knytt til aktuelt lovverk eller overført frå Fylkesmannen. Planlegging, kontroll og godkjenning av landbruksvegar er ein del av jobben og likeins oppfølging av det som skjer elles innan skogbruket, fortel Kristen.
Han fortel vidare: - som i så mange andre kommunar, er eg som skogbruksansvarleg tillagt oppgåver utanfor skogbruket. For min del arbeider eg som næringskonsulent ein del av tida, og elles med andre oppgåver etter som tid og kvalifikasjon tillet det.
Som byråkrat går ein vesentleg del av arbeidstida med til saksbehandling, og ein del av dette er retta mot dei politiske organa. Men, noko av tida er sett av til rådgjeving og kontakt med grunneigarane. Ein del av arbeidet innan mine fagfelt skjer ute, og den biten gjev god inspirasjon i jobben.
- Kvifor valgde du å studera ved NLH*?
- Det var vel litt tilfeldig at eg kom til å studere skogbruk ved NLH*, men det var neppe berre tilfeldigheiter som spela inn. Med bakgrunn frå landsbygda og oppvekst på gard vart eg nok tidleg interessert i utmarka og naturen omkring meg. Dessutan trur eg nok at rykta om trivsel og godt studentmiljø på Ås også var medverkande. Eg har i alle fall ikkje angra på studievalget ein einaste dag! fortel ein entusiastisk Kristen.
- Kva for nytte har du av utdanniga du tok ved NLH*?
- Jobben eg har er vel ein av dei mest tradisjonelle for forstkandidatar. Det er truleg ein av grunnane til at eg føler at utdanninga er svært relevant og god for jobben. Eg er i dag svært glad for at eg tok rikeleg med fag ved NLH*. Alle fag innan driftsteknikk ser eg på som viktige, og dessutan er dei to faga eg tok innan juss eigentleg eit minimum for det som trengst. Likeins har eg hatt nytte av faga innan GIS og arealplanlegging. Dei ekstra faga eg tok innan økonomi i forhold til det eg var pålagt, har også kome godt med. I forhold til den jobben eg har, kan eg ikkje sjå eg skulle gjort noko annleis i fagvalg ved NLH*, seier han.
Til slutt vil Kristen gje nokre
råd til kommande studentar:
- La ikkje studiet gå utover det sosiale liv. Lev livet og gå på Samfunnet! Prøv å ta del i arbeidet som lag og foreiningar driv med på Ås. For min del ser eg absolutt nytten av å ha vore aktiv i styret i Skogbrukerforeningen, og det er dessutan ingen ulempe å ha blitt kjent med mange i løpet av studietida. Det er trass alt mange forskjellige ein vil møte i ein jobbsituasjon, avsluttar Kristen.
* = tidligere NLH, nå Universitetet for miljø- og biovitenskap, UMB.
Oppdatert: 29.09.04
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn