Mastergradsstudent: Torhild Tveito Compaore
Institutt for plante- og miljøvitenskap
E-post: torhild.tveito@student.umb.no
Heimeside: http://home.no.net/torhildt
 Torhild Tveito Compaore |
Heimstadadresse: 5736 Granvin
Adresse på Ås: Skogveien 22
Postadresse:pb 835 1432 Ås
Tlf:64949953
Mastergradsoppgåve - tittel:
Micro-dosing of fertilizer in a millet field in Burkina Faso
Rettleiar: Bal Ram Singh.
Hjelpeveileder: Jens Aune
Presentasjon av oppgåva:
Feltarbeidet er gjort i Ouahigouya i Burkina Faso. Eg har her samarbeidd med to lokale bønder. Bøndene er medlemmar av den lokale jordbruksorganisasjonen Naam, som er leda av Bernard Lédéa Ouedraogo. Ouedraogo har fått fleire prisar for arbeidet sitt med oppbygging av nettverk og sjølvhjelp for bønder i Vest Afrika. På forsøksfelta hos dei to bøndene vart det brukt zai-groper, dei har lært dette gjennom denne organisasjonen. Det vart testa ut fire ulike gjødslings- alternativ. Mellom anna mikrodosering av kunstgjødsel etter Coca- Cola- kork -metoden som fyrst vart brukt av ICRISAT i Niger.
Litt om meg selv:
Eg er frå ein fjellgard i Granvin, Hardanger. Er født i 1978. Har gått på Voss Gymnas og seinare på Fosen Folkehøgskule. Har jobba eitt år som praktikant i landbruket og har hatt div somarjobbar og jobbar ved sidan av studiet. Det siste året har eg hatt fødselspermisjon frå studiet. I tillegg har eg det siste året jobba for eit fransk firma med oversetting av lover og reglar for bruk av plantevernmiddel i Noreg. Har erfaring som leder og kasserar i ulike foreiningar.
Trivest godt på Ås og UMB. Har hovudkurs i Planteernæring, gjødsling og jordarbeiding (JF340), Miljøgifter og økologiske effektar (FM310), Jord-forurensning (JF310) og Økologisk landbruk (PØL300). I tillegg kan eg nemna at eg har fag som Landbruk i u-land, Plantevernfag, Jordanalyse og GIS. Som student har eg spesielt likt arbeidet med semesteroppgåver og har skrive oppgåver som: Smitterisiko ved bruk av husdyrgjødsel til frilandsgrønsaker i økologisk landbruk, Lav som som indikator på luftureining, Fytoremediering -med vekt på fytoekstraksjon av tungmetall frå jord , Risiko for smittespreiing ved bruk av avløpsslam i jordbruket og Jordressursar i Burkina Faso, Mali og Niger
Har vore mykje ute og reist, spesiellt i Vest Afrika. Snakkar flytande engelsk og har kunnskapar i fransk og tysk. Er ansvarsbevisst og open for nye utfordringar. Er glad i å samarbeide.
Oppdatert: 01.02.05
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn