Mastergradsstudent: Hanne Risdal
Instituttt for plante- og miljøvitenskap
 Hanne Risdal |
E-post: hkrisd@student.umb.no
Hjemmestedsadresse: 2643 Skåbu
Tlf: 61295648/61290116
Adresse på Ås: pb. 649 1432 Ås
Tlf: 64944801
Mobil: 48214304
Mastergradsoppgave - arbeidstittel: Groundwater chemistry on Inhaca Island, Mozambique.
Veileder: Sylvi Haldorsen, Per Jørgensen
Presentasjon av oppgaven:
Oppgåva byggjer på to spennande perioder med feltarbeid på øya Inhaca, som ligg i det Indiske Hav, utanfor Maputo, hovudstaden i Mosambik. Det har vorte tatt vassprøver frå omlag 40 brønnar på øya, som har grunnvatn som einaste ferskvasskjelde. Analyser av grunnvassprøvene dannar grunnlag for å studera naturleg kvalitet på grunnvatnet. Eg vil og undersøkje om menneskeleg aktivitet og havvatn har påverknad på vasskvaliteten enkelte stader i akviferen, samt sjå på korleis klimaendringar eller endring i vassforbruk kan endre kvaliteten på grunnvatnet på Inhaca.
Litt om meg selv:
Eg er 24 år og er oppvakse på eit småbruk i Skåbu i Gudbrandsdalen. Etter endt Allmennfag ved Vinstra vdg. skule, gjekk eg linja Friluftsliv ved Sogndal Folkehøgskule. Dei siste fem åra har eg tilbrakt her på Ås, og i juni avsluttar eg masterstudie i miljø og naturressurs! Denne har gjeve meg solid kunnskapsbasis innafor naturvitenskapelege fag, i tillegg til ein tverrfagleg kompetanse i reinsing av drikke- og avløpsvann, grunnforureining, avfallsbehandling og jordkjemi, hydrogeologi og grunnvasskjemi.
Ved sida av studiane har eg i to år vore engasjert som studentveiledar på Studentenes Informasjonstorg ved UMB. Somrane har gått med til ulike typar arbeidserfaring i ulike delar av landet. Alt frå butikkmedarbeidar på Svalbard, til heimehjelp i Lillesand i sør. I tillegg har eg prøvd meg som turistvert, samt registrert spreidd avløp og nedgravne oljetankar i Time, Spydeberg og Frogn kommune.
Når eg ikkje studerar eller arbeidar, er eg ein flittig deltakar i studentlivet på Ås! Mellom anna er eg aktiv i studentfotballen og foreininga Dale-Gudbrand. Eg har og vore engasjert som studentrepresentant i Instituttstyret og klassetillitsvald.
Oppdatert: 01.01.05
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn