Pollineringsinteraksjonar i plantesamfunn
INA
I plantesamfunn der mange planter veks saman kan vi observere interaksjonane mellom insekt (pollinatorar) og blomsterplanter med det blotte auge. Dette er som eit komplisert nettverk av mange arter som påverkar kvarandre.
 PhD-student Stein Joar Hegland i felt Foto: Stein Joar Hegland |
Vi ser på korleis slike nettverk ser ut og korleis planter påverkar kvarandre for å tiltrekke seg dei pollinerande insekta:
Problemstilling
1. Kva for planter er mest attraktive i eit plantesamfunn?
2. Er konkurranse eller samarbeid for pollinator-tiltrekking den vanlegaste påverknaden (interaksjonen) planter imellom, og kva avgjer om dei konkurrerer eller samarbeider?
3. Korleis ser eit plante-pollinatornettverk ut, og er nokre insekt eller planter mykje viktigare (nøkkelartar) enn andre i slike nettverk?
5. Er insekt og planter hovudsakleg spesialistar eller generalistar i sin bruk av kvarandre?
6. Kan ekstra pollentilførsel gje plantene ekstra frøproduksjon og påverke utviklinga av plantepopulasjonane?
Mange av desse spørsmåla er enno uløyste. Gjensidige interaksjonar er grunnleggande for både insekt og planter sin eksistens. Svara er derfor viktige både for korleis ein skal forvalte naturen og korleis evolusjonen av organismane er avhengig av kvarandre.
Analysane syner så langt at planter som har store eller mange blomster er mest attraktive. Særleg interessant er analysane som tyder på at ulike planteartar heller samarbeider enn konkurrerer om å tiltrekke seg insekta. Dette er i strid med klassisk økologi. Vidare forsking i prosjektet ”Pollineringsinteraksjonar i plantesamfunn” vil gje svar på fleire av spørsmåla.
PhD-student
Stein Joar Hegland, INA
Prosjektansvarlig
Førsteamanuensis Ørjan Totland, INA
Feltmedarbeidarar: Studentane John Dirksen, Sondre Eikås, Vegard Eldholm, Peter Greve, Maria Collett Knagenhjelm, Torkjell Solbraa, Knut Fredrik Øi, Håvard Øyrehagen
Oppdatert: 01.11.04
Utskriftsvennlig versjon :
Arkiv :
Tips en venn