Institutt for plante- og miljøvitenskap

Hovedsiden



Doktordisputas om tilvekst hos timotei og engsvingel etter ymis slåttetid

Cand. agric Helge Sverre Bonesmo frå Rennebu i Sør-Trøndelag forsvarte 16. april 1999 avhandlinga med tittelen: 'Spring growth and regrowth rates of timothy and meadow fescue' for graden Doctor scientiarum ved Noregs landbrukshøgskole. Helge Sverre Bonesmo har vore utdanningsstipendiat i grovfôrdyrking ved Planteforsk, Kvithamar forskingssenter frå 1995.

Han er sivilagronom frå NLH i 1992. Sidan har han røynsle som jordbrukssjef i Rissa, Sør-Trøndelag, og studiar ved Noregs handelshøgskole i Bergen. I dag vert det stadig meir påkravd å kunna gi råd korleis ein optimaliserer heile systemet av grovfôrdyrking og husdyrproduksjon. Matematisk modellering er da eit nødvendig verkty. Bonesmo har nytta ein slik tilnærmingsmåte for å granska verknaden av tid for førsteslått på tilveksten hos håa i timotei og engsvingel. Arbeidet byggjer på feltforsøk frå Bodø i nord til Ås i sør og frå Fureneset i Sunnfjord i vest til Sæter i fjellbygda Kvikne og bruk av jorddata, vêrobservasjonar og ein plantevekstmodell. I den tidlege veksten om våren hadde timotei ein større dagleg potensiell tilvekst enn engsvingelen. Etter at bladverket var fullt utvikla, var det ingen skilnad mellom artane i potensiell vekstrate. I håveksten var det stor tilvekstrate føre fullt utvikla bladverk når førsteslåtten vart teken på bladstadiet, og han vart halvert om førsteslåtten kom ved byrjande stråtrekking eller seinare. Den potensielle, daglege håveksten etter full utvikling av bladverket minka mykje om førsteslåtten vart utsett frå bladstadiet til byrjande skyting. Førsteslått deretter og fram til blomstring påverka ikkje den maksimale tilveksten til atterveksten. Modellutviklinga og lange seriar med vêrobservasjonar gav grunnlag for å gjera ein analyse av kva som kunne vera beste tida for førsteslått, når ein sikta mot størst mogleg samla fôreiningsavling i sesongen. I middel over tjue år og på tre stader i Sør-Noreg vart beste slåttetid nett etter full skyting, men frå år til år varierte beste tida frå byrjande skyting til ei veke etter full skyting. Bonesmo drøftar moglege praktiske konsekvensar av dei funna han har gjort. Eit sandkulturforsøk synte at di høgare innhaldet av vassløyselege karbohydrat var i plantane ved slått, di høgare vart dagleg håvekst i tida føre fullt utvikla bladverk. Storleiken av den maksimale håveksten ved fullt utvikla bladverk retta seg etter kor mange ustrekte skott plantane hadde ved førsteslåtten.

 


Institutt for plante- og miljøvitenskap
Postboks 5003
1432 Ås

E-post:ipm@umb.no
 

Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 94 78 02

Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 94 82 11