| Resistens mot rotstokkròte i
jordbær, og alternativ til bruk av kjemiske plantevernmiddel
Rotstokkròte i jordbær har vorte eit problem i Noreg sidan
sjukdomen vart oppdaga i 1992, og den er no funnen i meir enn 100 jordbærfelt
spreidd over det meste av landet. Håvard Eikemo har i sitt doktorarbeid
vist at det er stor variasjon i jordbærsortar si motstandsevne mot
sjukdomen, og fleire av dei mest vanlege sortane i Noreg er svært
mottakelege. Undersøking av genetisk variasjon hjå patogenet
som årsaker sjukdomen har vist at det er liten variasjon, sjølv
mellom isolat frå ulike kontinent. Testing av alternativ til kjemiske
plantevernmiddel har vist at to produkt som fungerer ved å aktivere
plantene sitt eige forsvar har like god effekt mot rotstokkròte
som plantevernmidla som er i bruk i dag. Det eine produktet hadde også
god effekt mot jordbærsjukdomen raud marg.
Fredag
den 9. august forsvarde Cand. scient. Håvard Eikemo si dr.
scient. avhandling "Resistance to crown rot (Phytophthora cactorum)
in strawberry - genetic variation between isolates, screening methods,
induced resistance and cultivar resistance" (Resistens mot rotstokkròte
i jordbær - genetisk variasjon mellom isolat, metodar for resistenstesting,
indusert resistens og sortsresistens) ved Noregs Landbrukshøgskole.
Han føreleste først over emnet "Gråskimmel (Botrytis
cinerea) i bær - biologi og bekjempelse" og orienterte
om sitt vitskapelege arbeid.
Rettleiare:
Hovudrettleiar for oppgåva har vore professor Anne Marte Tronsmo,
Institutt for Plantefag, Norges Landbrukshøgskole med forskarane
Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet og Jahn Davik, Planteforsk Kvithamar
forskningssenter som assisterande rettleiarar.
Bedømingskomite:
Professor Dan Funck Jensen, Institutt for Plantebiologi, KVL, Danmark,
Forskar Arnfinn Nes, Planteforsk, Apelsvoll forskingssenter, avdeling
Kise,
Professor Karin Haffner, Institutt for Plantefag, NLH.
Personalia
Håvard Eikemo (29) er frå Kaupanger i Sogn og Fjordane. Han
tok graden cand. scient. ved Noregs Landbrukshøgskole i 1998, studieretning
for Naturvitskaplige fag med hovudfaga genteknologi, proteinkjemi og plantepatologi.
I perioden 1998 - 2002 har han vore stipendiat ved Planteforsk Plantevernet.
Doktorgradsstudiet har vore finansiert av Noregs Forskingsråd og
Planteforsk. Eikemo er no forskar i Planteforsk.
Avhandlinga
Rotstokkròte er ein jordbærsjukdom som spreier seg med infisert
plantemateriale til nye område, og den er svært vanskeleg
å bli kvitt viss smitten har kome i jorda. Graden av sjukdomsutvikling
i eit felt avhenger av kva jordbærsort som vert dyrka og av dei
klimatiske forhold. Utbrot av sjukdomen kjem ofte i felt med dårleg
drenering, og særskilt fryselagra planter er utsette. Det fins berre
eit kjemisk middel (fosetyl-Al) som er tillete brukt mot rotstokkròte
i Noreg i dag. God drenering, dyrking av motstandsdyktige sortar og kjemisk
behandling er dei beste rådgjerdene mot sjukdomen.
Avhandlinga består av fire ulike arbeid og omhandlar mellom anna
genetisk variasjon i patogenet (Phytophthora cactorum), metodar
for resistenstesting, variasjon i resistens hjå jordbærsortar
og utnytting av indusert resistens som rådgjerd mot sjukdomen. Over
fleire år vart mange ulike jordbærsortar testa for motstandsevne
mot rotstokkròte. Resultata viste at mange av sortane som vert
dyrka i Noreg i dag er middels til svært mottakelege (t.d. Korona,
Inga, Zephyr og Polka), medan sorten som var mest vanleg tidlegare, Senga
Sengana, er svært resistent. Dyrking av meir mottakelege sortar
er nok ein del av forklaringa på auken i utbrot av rotstokkròte
dei seinare åra. Det finst resistens mot rotstokkròte i dagens
sortsmateriale, og det er difor potensiale for nye sortar med betre resistens.
I arbeidet med genetisk variasjon mellom isolat av P. cactorum
vart isolat frå ulike vertplanter samla inn frå mange geografiske
lokalitetar, mellom anna Australia, Japan, Sør Afrika, USA og mange
land i Europa. Studien viste at variasjonen mellom isolat av P. cactorum
frå jordbær er svært liten, og dei skil seg klart frå
isolat frå andre vertplanter.
I fleire forsøk vart det undersøkt om indusert resistens
kunne nyttast mot sjukdomar i jordbær.
To produkt (Bion© og chitosan) hadde like god effekt mot rotstokkròte
som soppmiddel som er i bruk i dag. Begge produkta er ufarlige for planter,
dyr og mikroorganismar, og fungerer ved å aktivere plantene sitt
eige forsvar. Chitosan er et avfallsprodukt frå skaldyrindustrien,
medan Bion er et kjemisk stoff som liknar på salisylsyre (dispril).
Bion har også vist seg å fungere svært godt mot raud
marg i jordbær.
Håvard Eikemo. 2002. Resistance to crown rot (Phytophthora cactorum)
in strawberry - genetic variation between isolates, screening methods,
induced resistance and cultivar resistance. The Agricultural University
of Norway, Doctor Scientiarum Theses no. 2002:20. ISSN 0802-3220, ISBN
82-575-0502-1.
Abstract
|