Antivirus | F-secure | NAV | Sophos fra unix | Sophos fra Windows | Eicar.com | Virus
Det er greit å vera sikker på at antivirusprogrammet er skikkeleg installert og i funksjon. Det finst eit falskt virus som kan brukast til dette foremålet. Det heiter Eicar.com og er heilt ufarleg.
Du må hente ned "viruset" frå F-secure sine support sider, klikk her.
Du kan velge mellom å laste ned ei com- eller ei zip- fil. Det enklaste er å velge com-versjonen.
Du får spørsmål om du vil opne eller lagre fila. Velg opne. I mellomtida skal F-secureprogrammet ha varsla deg om den falske virusinfiseringa. Viss ikkje dette skjer bør du kontrollere antivirusprogrammet ditt eventuelt installere det på nytt.
Vel du å hente ned zip- versjonen av viruset må du pakke den ut med winzip. Når du pakker ut fila skal F-secure seie i frå. Gjer den ikkje det må du kontrollere antivirusprogrammet eller installere det på nytt.
Slik ser det ut for nyare installasjoner av F-secure Antivirus:
Ser det slik ut er det på tide og oppdatere versjonen av antivirusprogrammet ditt.