Sikkerheit på PC
Sikkerheit på PC kan vera så mangt. Det er snakk om
låsing av maskina fysisk, oppdatering av OS og oppdatering av program
slik at kjende "feil" i desse i støst mogleg tetta. Mange slike kjende
feil er utgangspunkt for innbrot utanifrå på maskina og det er noko
vi ikkje ynskjer.
På Universitetet er det eit krav om at
alle PC'er til einkvar tid er patcha opp med nyaste
sikkerheitspatch. Dette er ITansvarleg sitt ansvar. For
å lette noko av dette har USIT ei løysing for automatisk
patching av operativsystema XP og W2K.
Her er nokre råd for å betre sikkerheita?
Fysisk på maskina:
- Fjern alle gule lapper med passord og brukarnamn
- Sett biospassord
- Endre "boot fra" i bios til kun å gjelde "c:\ only", fjern
valga "boot fra" a:", cdrom osb
- Lås maskina fast så ingen kan ta maskina under armen
å gå.
Operativsystem
- Bruk NTFS filsystem
- Fjern alle lokale brukerkonti (NB! Det er nokre som skal vera der,
bla tivoliadministrator og pcadm2)
- Unngå i størst mogleg grad fildeling
- Bruk skriverrettigheiter på diskene slik at ikkje einkvar kan
skrive til disken
- Legg inn nyaste servicepack
Programvare
- Gå til leverandøren for å hente ned dei nyaste
oppgraderingane evt viss dei ligg på p:\ så hent dei der.
- .Oppgrader programvare til nyaste versjon.
- Bruk antivirusprogram
Brukaren
- Hold passordet for deg sjølv. Dette er strengt personleg og
skal ikkje delast ut til andre UANSETT årsak. Dette er
eit brot på
ITreglementet
- Må du ha hugselapp, skriv ikkje passord i
klartekst, bak det inn i anna tekst, lag ei teikning av noko som kan
assosierast med passordet, Skriv ei setning utan å utheve dei bokstavane
som inngår i passordet.
- Mail: Opne ikkje vedlegg som ser rare ut. Det kan vere virus.
- Mail: Ikkje registrer jobb epostadresse på sider son ikkje har
med jobb å gjere. Dette er ein spamgenerator
- Internett: Gje ikkje opp brukernamn og passord på Internett
viss det ikkje er i UiO sin regi.
Nettverk
- Bruk switcha nett. Hubber snakker i munn på kvarandre i hytt og
pine, kast ut bråkmakerane. Switcher er litt smartere og holder
kjeft.
Ekstern linker om sikkerheit:
Redaksjon: pcadm, pcadm@usit.uio.no
Dokument oppretta: 19.08.2002, endra: 26.01.2005