Generell informasjon
Her kjem ein kort introduksjon til det som du treng vita om programvare
i samband med installasjon og bruk av programvare ved Universitetet i
Oslo. Meste av informasjonen er knytta til programvare på MAC
og WINdows. Informasjon om unixprogramvare finn
du her:
All informasjon om programvare for windows og mac: installasjon,
customisering, lisensiering, bruk, bestillingskjema mm skal liggje i
programvaredatabasen.
Derfor er det viktig å sjekke denne databasen før
du kontaktar programvare_at_usit.uio.no.
Men kva tyder alt dette. La oss ta det i den rekkjefølgja du
skal utføre prosessen for å få lagt opp
eit program på maskina di:
Finn informasjon
om programmet
Du ynskjer å kjøpe eit program, fordi du
treng det i ditt daglege arbeid. Du har fått aksept
frå din økonomiansvarleg til å
kjøpe dette via midlar frå ditt
instituttet/avdelinga.
Dersom Ja:
UiO har avtaler
på dette og du må følgje
bestillingsrutinane som er forklart i programvaredatabasen for dette
produktet.
Dersom Nei:
Du må mest
truleg sjølv ordne med lisens og nedlasting av produktet,
men for all del,
send ein forespørsel til programvare_at_usit.uio.no fyrst.
Det kan hende programvaregruppa:
- Kjenner til andre tilsvarande produkt
- Veit om andre på UiO som har avtale på
produktet og som dykk kan hengje dykk på
Bestillingsrutiner
Sjekk informasjonen i programvaredatabasen. Du skal finne det du treng
av informasjon der.
NB! Det vert
skild mellom maskiner betalt og eigd av UiO og din private datamaskin
heime. Les lisenskrava for å avgjere om du kan
kjøpe og bruke denne lisensen slik du ynskjer.
For ein del avtaler UiO har med programvareleverandørane er
rutinane slik:
Fleir- / Ein-brukarlisens
på avtaler frå Norges Data, Regress,
Inmeta og Adobe
Kvar brukar må ha ein eigen lisens på produktet,
evt at institutter kjøper lisens som gjeld fleire brukarar
samtidig eller enkeltvis
- Finn informasjon om bestilling i programvaredatabasen (Ligg
forklart under kvart einaste produkt)
- Last ned bestillingskjemaet
- Fyll ut skjemaet
- Faks skjemaet inn til leverandøren.
- Du vil no få ein bekreftelse på at
produktet er bestillt, det same vil programvaregruppa ved USIT
- Programvaregruppa vil gje brukaren produktet er bestilt
på tilgang til å laste ned programvare
frå programvaredisken (Jfr punktet om nedlasting
Ein og fleirbrukarlisensar for andre produkt som ikkje er levert av
leverandørane over
Send ein forespørsel til programvare_at_usit.uio.no. Jfr
"punktet under informasjon om programmet"
Lisens
Sitelisens
Dette er ein lisens som Universitetet i Oslo har betalt ein sum for
slik at vi kan bruke produktet fritt. Derfor kan du utan vidare hente
ned å bruke dette produktet forutsatt at du fyller krava for
lisensiering som er forklart i programvaredatabasen. (Studenv vs
tilsett, kontormaskin vs heimemaskin vs laptop
Gratis programmer /
freeware
Desse hentar du ned sjølv frå Internett evt
programvaredisken. Du treng ikkje å bestille dette
på nokon måte.
Campus
For å kunne bruke produkt som er ein del av campusavtalen
må du oppfylle kravet rundt lisensiering (Sjekk
programvaredatabasen).
Send ein forespørsel til programvare_at_usit.uio.no.
MÅ innehalde ditt brukarnamn og namnet på produktet
du ynskjer tilgang til.
Vi svare med ein ok ell når vi har registrert tilgangen
Tilgang /Ansvar
Det er du og avdelinga di som har ansvar for at lisensiering av
programvare er i orden. Ein del programvare er låst ned ved
hjelp av filgrupper slik at du ikkje får tilgang til
programvaren før lisensen er bestilt. Ved bestiling vil
programvaregruppa få beskjed frå
leverandør og deretter gjere naussynte grep for å
gje deg tilgang til programvare. Det ta opptil 30 min frå du
får ok på registreringen til du faktisk
får den fysiske tilgangen. Dette fordi at driftssystemet
rundt dette er stort og komplekst og må
synkroniserast.
Installasjon /
Media
Når du bestiller eit produkt frå ein
leverandør vil du IKKJE automatisk få
tilsendt media.
Dette kan du evt bestille som eit tillegg dersom du ynskjer
dette.
Kjeldefilene
vil du finne på UiO sin programvaredisk (p:\).
Derifrå kan du brenne din eigen CD/DVD.
LITA (Lokal IT Ansvarleg) har ansvar for drift av kontormaskina di og
evt laptoppen din(som er eigd av uio). Du har mest truleg
ikkje nok rettigheiter for å installere på maskina
di.
Installasjon kan gjerast via:
Redaksjon: Programvare, programvare@usit.uio.no
Dokument oppretta: 10.09.2007, endra: 14.09.2007