Samba er avhengig av andre pakkar som er avhenging av
andre pakkar, og istadenfor å leggje inn alle manuellt er det
enklast å leggje inn fylgjande linje i fila
/etc/usit/sw-localcopy:
@usit-samba
Køyr storeapp etterpå, so kjem alt på plass.
Samba er avhengig av nokre lokale katalogar, filer og lokalt oppsett som vi ikkje kan diste. UiO-samba forvirrar dessutan RedHat-samba, og Kerberos-oppsettet til RedHat er berre eit ubrukleg døme. For å rette opp i alt dette, skriv:
maskin.uio.no# /local/etc/init.d/samba init
No bør det stå:
samba: Join to domain is not valid. samba: Authorized user must run "net ads join -U user" to join domain.
Det kjem av at maskina ikkje har konto i Active Directory.
![]() | Viktig |
|---|---|
Viss maskina har eksistert i domenet før, må ho meldast ut. Det gamle medlemskapet kan ikkje fornyast, sidan passordet er sletta. Bruk tsh på ulrik (eller saruman viss du er root) og "domain remove maskin" for å fjerne den gamle maskinkontoen. Ikkje lag ein ny! |
For å lage ein maskinkonto i AD må brukaren vere medlem av filgruppa uiolkpc. Som root lokalt på maskina som skal inn i domenet må du då skrive:
maskin.uio.no#/local/bin/net ads join -Ubrukar
brukar er her din personlege
brukar, viss du er medlem av filgruppa "uiolkpc".
Du vil få spørsmål om passord, og viss
alt er iorden skal det stå "Joined
'MASKIN' to realm 'UIO.NO'" til
slutt.
Dei som er kjende med den gamle Samba-distribusjonen til
USIT treng berre å vite at konfigurasjonsfilene frå no av skal
liggje under /etc/samba/, og at
konfigurasjonen bør sjekkast med testparm i tilfelle det er
gammalt rusk der i form av gamle opsjonar som ikkje lenger er
støtta eller har fått nye namn.
Hovudkonfigurasjonsfila heiter
/etc/samba/smb.conf, og skal vere ein
symlink til /local/etc/smb.conf-usit.
Denne fila vert dista. Det er mogleg å lage ein lokal kopi,
men det er dumt fordi Samba då kan slutte å fungere ved
oppgradering.
Lokal konfigurasjon skal leggjast i
smb.conf-maskinnamn under same katalog.
Her kan ein definere lokale shares. Døme:
[pcprog]
comment = Windows 95 programvare, P:
path = /usit/ulrik/pcprog
browseable = yes
public = no
guest ok = no
read only = no
invalid users = root
inherit permissions = yes
Samba har mange andre opsjonar for å finjustere tilgong
til eit share. Sjå manualsida
(/local/share/man/man5/smb.conf.5) eller
i dokumentasjonen på web (http://www.bibsyst.no/samba/docs/)
for meir informasjon. Etter endringar bør du køyre
/local/bin/testparm for å sjekke at det
ikkje er syntaksfeil i konfigurasjonsfilene:
maskin.uio.no# /local/bin/testparm
Start Samba med
maskin.uio.no# /local/etc/init.d/samba start
Ved feil sjekk først loggen under
/var/log/samba/log.smbd, og kontakt
<samba@usit.uio.no> viss du ikkje klarar å løyse
problemet sjølv.
For at Samba skal starte automatisk ved boot må det
eksistere ei fil
/etc/usit/samba.server. Ho kan lagast
slik:
maskin.uio.no# touch /etc/usit/samba.server
Samba 3.0 har gitt oss nye mekanismar for å styre rettar på filer som liknar meir på slik Windows gjer det. Vi har valt å la fellesområde få komplett ACL-støtte, men moglege problem med backup/restore gjer at vi ventar med å bruke ACLar på heimeområde. Der brukar vi innstillinga inherit permissions, som gjer at filer arvar rettane til katalogen dei vert lagt i.
Fordi filer lagt i ein katalog som er lesbar for alle, slik www_docs gjerne er, har vi teke ut sharet my_www_docs frå standardkonfigurasjonen. Om nokon likevel ynskjer å ha det der i ein avvenningsperiode, kan det leggjast inn att i lokal konfigurasjon slik:
[my_www_docs]
comment = Mine lesbare www dokumenter (m:\www_docs)
path = %H/www_docs
veto files = /.rsrc/
delete veto files = yes
create mode = 0755
directory mode = 0755
guest ok = no
invalid users = root
browsable = yes
read only = no
Ny samba gjer konvertering av teiknsett i filnamn, slik at alle filnamn på tenaren får same teiknsett uavhengig av kva Windows brukar. For dei som har brukt andre teiknsett enn ISO8859-1 før vil spesielle teiln i filnamna (slik som æøå) sjå rare ut i Windows.
For å løyse problemet kan filnamn konverterast frå eit teiknsett til eit anna.
![]() | Viktig |
|---|---|
Denne operasjonen er irreversibel. Ver difor heilt sikker på at det er naudsynt og at du veit kva du gjer før du utfører nokon av kommandoane under. |
Dersom nokon har brukt UTF-8 er det viktig å ta dei filene først. Elles vil neste steg øydeleggje. Denne kommandoen er ikkje like skummel som resten, for han tek garantert ikkje andre teiknsett enn UTF-8:
maskin.uio.no#/local/sbin/utils/convert_fs_charset.plfilsystem
Neste er skumlare. Du skal overlate dette til nokon andre dersom du ikkje forstår kva scriptet gjer. Det er ikkje mogleg å konvertere attende etterpå.
Dei fleste PCar ser ut til å ha brukt teiknsettet CP850. For å konvertere alle filnamn i eit filsystem frå CP850 til ISO8859-1, kan du gjere slik:
maskin.uio.no#/local/sbin/utils/convert_fs_charset.shfilsystemCP850 ISO8859-1
Tørrkøyr gjerne litt først ved å kommentere ut mv-kommandoen og ta inn echo-kommandoane før og etter for å sjå kva scriptet ville gjort.