Eit par nyttige program i login

Her er ein oversikt over vanlege og anbefalte program ved ved bruk av login (telnet).


Post

Det er to E-postprogrammer me tilrår: Mutt og pine. Begge er to enkle og gode program for postlesing. Mutt er nyare og under utvikling, og er særs konfigurerbart. Vil ein ha noko kommandolinjeorientert kan ein bruka mailx.

Pine

Oppstart
sisyfos:~> pine
Beskrivelse
Klassisk og enkelt å bruka mailprogram. Veldig populært. Menybasert med sjølvforklarande menyar.
Manual
pine (1)
Url
http://www.washington.edu/pine/
Konfigurering
Menybasert (ingen nødvendig)

Mutt

Oppstart
sisyfos:~> mutt
Beskrivelse
Ny mailklient under stadig utvikling. Veldig konfigurerbart. Støtter threading, fargar, multiple mailboksar, pop og mykje anna. Bra!
Manual
mutt (1). Full tekstmanual i /usr/local/doc/mutt.
Url
IRC II
Oppstart
sisyfos:~> irc [nick]
Beskrivelse
Ein god og særs fleksibel irc-klient.
Manual
irc (1). Mesteparten av dokumentasjonen er online, bruk /help.
Url
Konfigurering
Du kan leggja kommandoar inn i .ircrc.

Mud

Ein populær mudklient er TinyFuge. Ein annan installert klient er tintin (tt++).

TinyFuge

Oppstart
sisyfos:~> tf
Beskrivelse
(Sikkert bra, kven har nå tid til slikt?)
Manual
Url
http://tf.tcp.com/~hawkeye/tf/
Konfigurering
Rediger .tfrc

Usenet

Det er installert ei heil rekke newsklientar på sisyfos. Døme er rn, trn, strn, nn, tin og slrn. Tidlegare var tin rekna som den som var enklast og greiast, men det er ikkje skjedd noko særleg med den dei siste åra, og den er nå trygt plassert på skrothaugen av slrn som er den me tilrår å bruka nå.

slrn

Oppstart
sisyfos:~> slrn
Beskrivelse
Ein svært god newslesar. Gjer alt ein forventer seg av ein newslesar. Støtter scoring, threading, bruk av fleire newstenerar, fargar og mykje mykje meir. Intuitivt brukargrensesnitt.
Manual
slrn (1)
Url
http://space.mit.edu/~davis/slrn.html
Konfigurering
Dersom du ikkje liker standardsettingane kan du oppretta di eige .slrnrc-fil. Kopier /usr/local/lib/slrn/srln.rc til ~/.slrnrc, og rediger denne.

ftp

Forutan standardprogrammet ftp, er ncftp installert.
Oppstart
sisyfos:~> ncftp [ftpsite]
Beskrivelse
Eit godt og fleksibelt ftpprogram. Hugser kor du har vore inne. Støtte for bokmerker, fullføring av kommandolinje, komandolinjehistorie og mykje meir.
Manual
ncftp
Konfigurering
Rediger .netrc om du ønkjer eigne settingar.

Filbehandlar

Den greiaste og mest populære tekstbaserte filhanderaren er Midnight Commander.

Midnight Commander

Oppstart
sisyfos:~> mc
Beskrivelse
Norton Commander-klon for unix. Populær, særleg blant folk som har brukt NC for dos. (Hint: dersom terminalprogrammet ditt sender feil koder for F-tastane, kan du få FX ved å trykka Escape-X). Støtter det aller meste som NC gjer, pluss ein god del meir. Støtter fargar.
Manual
mc (1)
Url
http://stekt.oulu.fi/~jtklehto/mc/
Konfigurering
Menybasert

Weblesarar

Dette er greit, det finst ein god tekstabsert weblesar - lynx. Denne er under stadig utvikling, og er av mange den prefererte browseren sjølv om ein tilgang til grafikk. Prøv sjølv, og sjå kor mykje kjappare og greiare www er utan alt grafikk-klisset!
Oppstart
sisyfos:~> lynx
Beskrivelse
Verdens beste webbrowser. Støtter stort sett den til kvar tid gjeldande html-standarden, og takler fint dei fleste utvidingane (som frames). God støtte for det meste.
Manual
lynx (1). Dokumentasjon tilgjengeleg online, tast "h".
Url
http://lynx.browser.org/
Konfigurering
Via menyar - tast "o".

Editorar

Det er mange gode (og dårlege) editorar tilgjengeleg. Av gode vil eg nemna vi, ein klassisk og god editor, men der nybegynnerar vil trenga ca 4 timar på å skriva ordet "brukarvennleg" og lagra dette i ei fil. vim Vi-improved, ny og betre utgåve av vi. God - men for kjennerar. emacs, digert minnesluk av ein editor. Gjer alt, tek oppvasken, lager mat, etc, om du klarer å konfiguerara den til det. Har stor og fanatisk brukarskare. Dei to eg vil tilrå er imidlertid joe og jed, to enkle, men kraftige og fleksible editorar. Av dårlege vil eg berre nemna pico, som er den som blir brukt som intern editor i pine. Svært enkel - men ubrukeleg til meir enn veldig enkle ting.

joe

Oppstart
sisyfos:~> joe [filnamn]
Beskrivelse
Ein editor som er både enkel å bruka, og kraftig og fleksibel. Veldig populær.
Manual
joe (1). Online hjelp, trykk ^KH.
Konfigurering
Du kan kopiera /usr/local/lib/joerc til ~/.joerc og setja eigne settingar der.

jed

Oppstart
sisyfos:~> jed [filnamn]
Beskrivelse
Ein kraftig og god editor. Støtte for syntakshighlighting (farging av teksten basert på syntaks). Kan emulera andre editorar som edt, emacs eller wordstar. Svært god editor, særleg for programmering. Noko vanskelegare enn joe i bruk, men òg ein del kraftigare.
Manual
jed (1). Meir utførleg dokumentasjon i /usr/local/lib/jed/doc.
Url
http://space.mit.edu/~davis/jed.html
Konfigurering
Du kan kopiera /usr/local/lib/jed/lib/jed.rc til ~/.jedrc og setja eigne opsjonar der.

$Id: login.html,v 1.4 1997/12/05 20:48:28 brage Exp $