| | Rektor Karl Johan Skårbrevik |
| ved Høgskolen i Ålesund. Ein ekstra velkomst til de som er nye studentar. Eg håper at de får nokre hyggelege og utbytterike år ved høgskolen vår. Den faglege arbeidsinnsatsen må sjølvsagt stå i fokus, og de må legge opp til ei arbeidsveke på minimum 40 timar. Men vi håper at de også tek del i dei sosiale studentaktivitetane og engasjerer dykk i dei studentdemokratiske fora som studentparlament, studentråd og dei ulike samarbeidsorgana vi har ved høgskolen. Skal vi skape ein god høgskole er vi avhengige av engasjerte studentar som aktive medarbeidarar.
Dei siste åra er det i regi av Ålesund studentsamfunn skapt eit aktivt studentmiljø ved høgskolen og i byen, og eg håper at de kan bidra til å føre dette vidare både ved å delta aktivt i dei ulike aktivtetsgruppene og i dei styrande organa for samfunnet. Inn til vidare er det Raadhuset som Studentsamfunnet har til disposisjon, men om nokre år håper vi å ha eit nytt studenthus på plass.
De har nok høyrt om kvalitetsreforma i høgre utdanning. Denne legg opp til at studentane blir sterkare engasjert i undervisninga til dømes ved prosjektarbeid, og at de får tilbakemelding på korleis de ligg an fagleg i løpet av studieåret. Desse tiltaka vil legge til rette for meir effektiv læring. Frå i haust vil de også møte ein heilt ny karakterskala der talkarakterane er bytta ut med bokstar frå A til E.
Det er blitt populært å studere i utlandet. Høgskolen i Ålesund har avtalar slik at de kan få tilbod om å ta eitt semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet som ein del av utdanninga ved Høgskolen i Ålesund. Vi vil arrangere ein internasjonal dag der de får meir informasjon om dette.
Karl J. Skårbrevik
rektor |