| 08. Mai. 2002 |
| Best i nordvest |
| |
Samordna opptak (SO) har i dag offentleggjort søkartala for studieåret 2002/2003. Resultata for Høgskolen i Ålesund er samla sett svært gode. Som i fjor ligg vi blant dei høgskolane som har hatt mest framgang når det gjeld søkartal.
Kort samanfatta syner tala for Høgskolen i Ålesund:- 764 førsteprioritet søkarar. Framgang på 5.4 % frå 2001, og i alt 18% frå 2000
- Ingeniør har ein auke på 38% i forhold til 2001 og 26% frå 2000. I hovudsak på grunn av det nye studiet i maskin- og marinteknisk produktutvikling og design
- Status quo på maritim utdanning
- Ein svak tilbakegang på sjukepleie frå 2001, men framgang på 18% frå 2000
- Viss nedgang på marin biologi og foredling frå i fjor, men likevel ein auke på 84% frå 2000
- Framleis auke på eksportmarkedsføring og økonomi og leiing. Fram 26% frå 2000
Les meir om søkertala på SO sine sider
|
|
|