Forskningsprosjekt i Singapore
 

Norvald Kjerstad frå Løvsøya er første lektor ved Høgskulen i Ålesund, innan maritimefag. No er han i Singapore for å samarbeide med Singapore Maritime Academy om utvikling av snøggbåtar. Prosjektet får støtte frå Norges Forskningsråd.


Av Hilde Stokke

Framfor Singapore Maritime Academy
Framfor Singapore Maritime Academy

Norvald Kjerstad frå Løvsøya er for tida i Singapore i samband med eit forskingsprosjekt, der han arbeider sammen med kollegaer i simulatorsenteret ved Singapore Maritime Academy.
-Eg er einaste nordmann på dette prosjektet, og det har støtte blant anna frå Norges Forskningsråd.

Prosjektet går både på utvikling av simulatorteknologi og utvikling av internasjonale utdanning/treningssystem for snøggbåt operasjon.

Snøggbåt simulator ved Høgskulen
-Dette oppdraget har samanheng med at vi ved Høgskulen i Ålesund held på å bygge opp ein avansert snøggbåt simulatorar. -Den skal vere klar til bruk like over jul, fortel Norvald Kjerstad.

Ved Høgskulen i Ålesund vil dette gi studentane som utdannar seg til kapteinar og styrmenn eit tilbod som nærmast er unikt i verdssamanheng.

Er det mykje snøggbåtar i Singapore?
-I haug og dungar, fortel Kjerstad, mange er ganske lik Hjørungavåg. Norvald Kjerstad har vore i Singapore i snart ein månad, og han skal vere stasjonert der fram til jul.

Norvald Kjerstad framfor Sjømannskyrkja i SIngapore, der han får graut kvar laurdag og sjølvsagt Haramsnytt.
Norvald Kjerstad framfor Sjømannskyrkja i SIngapore, der han får graut kvar laurdag og sjølvsagt Haramsnytt.

Daglivet i Singapore er hektisk og varmt. Fuktig og 33 varmegrader kan vere hardt for ein som kjem frå nordlege breiddegrader, og som trivst like godt med is og snø på Nordkalotten.

Norvald Kjerstad fortel at kvar laurdag tek han turen innom Sjømannskyrkja.
-Der treff eg andre nordmenn, et graut og les Haramsnytt. Det er ganske mange frå Noreg som er her.
-Eg har også vore på besøk om bord Farstad sine båtar frå Ålesund, som er innom å bunkrar, der eine skipperen var frå Brattvåg.

ARENA-høgskole

Classfronter

Studenter

Student E-post

Etter- og videreutdanning

Studiehandbok 2003/04

Ansatte

Spanske språksertifikat

til Biblioteket

Romreservasjon

Studenter i Kristiansund

Jobbsøkere

Nyhetsarkiv

Til forsiden