|
Hei igjen! No har vi vore ute i ca. 5 veker og vi befinn oss i Korea Stredet.(mellom Sør Korea og Japan) I skrivande øyeblikk bevegar vi oss faktisk over i Japansk farvatn. Vi har lagt ca. 190 km med kabel, så det går ikkje so fort. Men farten er avhengig av hardheita på havbotnen, å heile operasjonen er veldig veiravhengig. Nett no er botnen veldig hard, so no går vi med 0,3 km/t. Dessuten er det no sterkt begrensa kor kjapt det kan gå når plogen skal pløye kabelen ned 3 meter. Trass i sein framgang, er no operasjonen ganske interessant, og ein får rikelig med DP-erfaring. Allerede no er eg ferdig med dei 30 dagane med DP-familiarisering som ein treng før ein får gå det vidaregåande kurset. Her ombord har vi Kongsberg Simrad sitt DP- system, å det fungerar bra. Presentasjonen er Windowsbasert, så det er ingen store overraskelsar på brukarsida.
Men under landligge driv vi vedlikehald på dekk eller andre plassar der det er nødvendig, å det er berre moro. Er godt med litt forandring, dessuten er det jo heilt nødvendig å kjenne til operasjonane/prosedyrene og arbeidet elles på dekk. Ein dag skal ein jo tross alt kanskje lede å vere ansvarleg for at slikt arbeid vert gjort tilfredsstillande å sikkert, å då er det jo kjekt å vite kva ein pratar om. Ellers så har vi hatt eit upåklagelig veir denne perioden. No ligg temperaturen rundt 15-16 grader, å vi er stort sett velsigna med sol kvar dag. Vinden har vore forholdsvis spak, sjølv om vi har hatt nokre dagar med styrke opptil sterk kuling. Men det har berre vore forbigåande, dessuten er båten stabil som ei klippe. Den har ein GM på rundt 2,5 meter, men det kan no vere både ilt å godt. Ein annan ting er maten om bord. Vi har det privilegiet å ha ein norsk stuert om bord. Det resulterer i at her er middag minst 3 gangar for dagen, å ikkje nok med det. Til kvart måltid er det 3-5 forskjellige rettar! Her er og eit koldtbord som høver meir for ”normal frukost og lunsj, men eg ser ein sterk tendens til at varmmaten vert foretrekt…… Resultatet av dette blir nok for mange at det utviklar seg ein ”kul” der dei helst hadde sett at at det var eit knallhardt ”vaskebrett”.
Ellers nærmar første turen seg slutten, å det er bra, for no er det snart påske. Vi skal byte mannskap i sjøen denne gangen, so då blir det med båt til Japan, nærmare bestemt Sasebo-litt nord for Nagasaki, å so fly derifrå. No var det selfølgelig nasjonaldag i Japan den dagen vi ska i land, so då va der vanskelig med transport, men det blir vel ei ordning. Kanskje må vi invistere i Japanske flagg å delta i feiringa……? Mvh. Atle Jonny. |
|||||||