Sjukepleie

Søknadskode: 225 050
Sjå og på sjukepleieseksjonen sine fagsider

Likar du utfordringar i møte med menneske? Då kan
sjukepleiarutdanning vera noko for deg. Som sjukepleiar får du høve til å:
  • Møte menneske i ulike livssituasjonar
  • Gje omsorg til enkeltmenneske i ein meiningsfylt samanheng
  • Utvikle deg både fagleg og personleg
  • Ta del i tverrfagleg samarbeid
  • Vere med å påverke utviklinga i helsevesenet
Etter treårig sjukepleiarutdanning oppnår du autorisasjon som sjukepleiar. Studiet gir og Bachelorgrad.

Forkunnskapar

Opptakskravet til 3-årig sjukepleiarutdanning
  • generell studiekompetanse - kravkode GENS
  • realkompetanse
Realkompetanse er eit tilbod til deg som fyller 25 år i opptaksåret, og som ikkje har generell studiekompetanse. I tillegg til kravet om å vere 25 år, er det utarbeida eigne opptakskriterier for dei enkelte studia. Kontakt Høgskolen i Ålesund for meir informasjon.

Innhald i studiet

Sjukepleiens faglege og vitskaplege grunnlag:

Sjukepleiens historie, tradisjon og yrkesetikk
Sjukepleieforsking og fagutvikling
Vitenskapsteori og forskingsmetode
Etikk

Sjukepleiefaget og yrkesgrunnlaget

Sjukepleiaren sin yrkesfunksjon i kommune- og i spesialisthelsetenesta

Medisinske og naturvitenskaplege emner

Anatomi, fysiologi og biokjemi
Patologi, sjukdomslære og farmakologi
Mikrobiologi og hygiene

Samfunnsvitenskaplege emner

Psykologi og pedagogikk
Kommunikasjon, leiing og konfliktløysing
Sosiologi og sosialantropologi
Helsepolitikk og helserett

Praksisstudiar

Praksisstudiane inneber sjukepleie til menneske i alle aldrar: Sjukepleiestudenten får yte sjukepleie i heim og institusjon til menneske med akutte og kroniske lidingar, rehabiliteringstrengande og friske og utsette grupper. Praksistudiane vert gjennomførte i kommunehelseteneste, psykisk helsevern og spesialisthelseteneste i sjukehus og i andre institusjonar.
Det er og mogleg å få delar av studiet i utlandet.
Høgskolen i Ålesund har til dømes samarbeidsavtale med Pacific Lutheran University i Tacoma, USA, og gjennom det nordiske nettverket, Norplus.

Jobbar du kan få

Sjukepleiarane arbeider i det offentlege helsevesenet både i spesialist- og i kommunehelsetenesta, i det private næringsliv som bedriftssjukepleiar, legemiddelkonsulent m.m.
Som sjukepleiar har ein gode høve til å få arbeid i utlandet.

Etter- og vidareutdanning

Ved Høgskolen i Ålesund kan du ta vidareutdanning innanfor sjukepleie til akutt- og kritisk sjuke (anestesi, intensiv, operasjon og barnesjukepleie). Du kan og ta vidareutdanning innan rehabilitering og rettleiingspedagogikk.

Etter gjennomført sjukepleiar-utdanning kan du og vidare-utdanne deg til helsesøster, jordmor eller spesialsjukepleiar innan psykisk helsearbeid ved andre utdanningsinstitusjonar.

Du kan òg ta vidareutdanning innan organisasjon og leiing, eller studere vidare ved eit universitet og ta hovudfag innan Cand. San. graden / Mastergrad.

ARENA-høgskole

Classfronter

Studenter

Student E-post

Etter- og videreutdanning

Studiehandbok 2003/04

Ansatte

Spanske språksertifikat

til Biblioteket

Romreservasjon

Studenter i Kristiansund

Jobbsøkere

Nyhetsarkiv

Til forsiden