Studentar, stortingsrepresentantar, ordførar, fylkesordførar, gjester og tilsette
Velkomne til denne tilstellinga og til eit nytt studieår. Til dykk som er nye studentar ved Høgskolen i Ålesund – velkomne hit. Vi er glade for at de valde Ålesund og høgskolen her som studiestad, og håper at de ikkje vil angre på det. Ein spesiell velkomst til dei utanlandske studentane. Vi håper at de finn dykk godt til rette i Ålesund og ved høgskolen. Til de som har vore her før – velkomne tilbake. Håper de har hatt ein fin sommar og er klare for eit nytt og aktivt studieår. Som dei fleste av dykk kjenner til har vi ved Høgskolen i Ålesund fleire studietilbod. Ingeniørstudia og maritim utdanning er samla i Avdeling for ingeniørfag, medan helsefag, bioingeniørar, fiskeribiologiske fag og økonomisk-administrative fag er samla i Avdeling for helse- og næringsfag. Høgskolen i Ålesund er i den unike situasjonen at alle desse studia er samla under eitt tak. Dette kan skape eit samansett og spennande fagmiljø og ikkje minst studentmiljø. Vi håper at de som studentar nyttar dykk av dette og søkjer kontakt på tvers av studia. Det er mykje spennande som foregår i fagmiljø og blant studentar på andre studium enn der ein sjølv går. Som studentar på ein ny studiestad, og for mange også i ein ny by, kan mykje virke forvirrande. Det kan vere vanskeleg å halde styr på den informasjonen ein får, og få svar på det ein har behov for å få svar på. Vi vil prøve å gjere ein ekstra innsats på informasjonssida den første tida. De må for all del ta kontakt med tilsette om det er noko de lurer på. Som de ser er mange både studentar og tilsette utstyrte med T-skjorter med ”bare spør på” – så følg oppfordringa og berre spør. Eg vil spesielt gjere merksam på den ”fadderordninga” som studentane legg opp til. Og eg vil rette ei spesiell takk til Monica og dei andre for det arbeidet dei har lagt ned for å få dette til. Mange av dykk har nok alt møtt dei på telefonen når dei har teke kontakt for å høyre om det er noko de treng hjelp til. Eg håper de vil nytte denne ordninga for då kan de få ei innføring i ulike sider ved høgskolen frå studentane sin synsstad. Dei veit kvar skoen kan trykkje og kan gje dykk ulike tips som de kanskje ikkje ville få frå oss som er tilsett. Elles har vi Studentsamskipnaden med sitt apparat klart til å trå til med mange praktiske ting. Eg vil spesielt gjere merksam på at vi har fått på plass ei eiga sosial rettleiingsteneste for studentar. Førebels er det kontordag berre ein dag i veka og kontoret ligg i Studentsamskipnaden. Dette er ein plass studentane kan gå med ulike problem som måtte oppstå i løpet av studietida. De er komne hit til høgskolen for å lære. Det vi kan bidra med er å legge til rette for læring og å undervise, men læringa må de stå for sjølve. Læring er ein aktiv prosess hos den enkelte. Vi kan hjelpe til i dette – forklare og få dykk til å forstå eit tema, ein arbeidsmåte eller ein teori. Men de har ikkje lært det før de sjølve har forklart det til ein medstudent, lagt det fram med eigne ord i eit skriftleg arbeid, løyst oppgåver eller utført det i praksis. Eg må også få kome med ei formaning: Å studere full tid er fulltidsarbeid. Alle våre studium er basert på at studentane arbeider med faga minimum 40 timer i veka. Og minst så mykje må de arbeide om de skal kome igjennom på skikkeleg vis. Men skal ein lære, må ein også trivast. Difor er det svært viktig for ein høgskole å ha eit godt studentmiljø. Igjen ein honnør til dei studentane som arbeider aktivt for å få til eit best mogleg studentmiljø i Ålesund. Dette er noko de som studentar sjølve må få til, men frå høgskolen si side vil vi støtte opp under dette så godt vi kan. Difor håper eg at de sluttar opp om Studentersamfunnet og er med på å skape eit godt studentmiljø i Ålesund. Utan dette engasjementet kan det lett bli ein kjedeleg høgskole å gå ved. Det har vist seg at det er dei tilreisande studentane som er mest aktive på dette området. Difor vil eg kome med ei spesiell oppmoding til de som er frå Ålesund eller kommunane rundt Ålesund om også å engasjere dykk i studentlivet ved høgskolen. I denne samanhengen ei spesiell takk til Ålesund kommune og ordførar Arve Tonning. Trass i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon har dei stilt det vi kallar ”Raadhuset” til disposisjon for studentane i Ålesund for ei symbolsk leige. Eg er viss på at dette vil kunne bli av stor betydning for studentmiljøet i Ålesund og for høgskolen.(Ja det gjeld ikkje den murkolossen vi har i sentrum, men det meir sjarmerande trebygninga vi har på haugen bak oss). Men det er eit gammalt hus, og sjølv om det har fått ei ”ansiktsløfting” i løpet av sommaren, kan det ikkje bli ei løysing på lengre sikt. I samarbeid med Studentsamfunnet, kommunen og Studentsamskipnaden arbeider vi med å finne ei meir permanent løysing. Eg håper at vi i åra framover også kan ha eit godt samarbeid med kommunen når det gjeld å gi eit best mogleg tilbod til studentane og utvikle Ålesund som studentby. Som rektor vil eg svært gjerne ha best mogleg kontakt med studentane og få tilbakemelding på kva dei ser på som viktig, problem som måtte oppstå m.v. Men det kan bli litt vanskeleg å ha kontakt med alle 1200. Difor er det viktig at vi får på plass tillitsvalde på dei ulike studia så snart som råd. Det er viktig at de som studentar sluttar opp om Studentparlamentet og dei ulike organa som er knytt til eit studentdemokrati. Det er i første rekke gjennom desse organa de kan ha innverknad på dykkar eigen arbeidssituasjon ved høgskolen. Vi har i sommar fått ei rekke endringar i Lov om høgskolar og universitet, og de har sikkert alle høyrt om Kvalitetsreforma som skal gjennomførast i høgre utdanning. Som studentar vil de merke dette på fleire måtar: § De som begynner på eit treårig studium vil vere dei første ved Høgskolen i Ålesund som byrjar på eit bachelor studium. Om tre år vil de få ein bachelorgrad i ingeniørfag, sjukepleie m.v. § De vil til dels møte nye eksamensformer der det de presterer på ulike prøver i løpet av semesteret også vil telje i den karakteren de får i faget. § De vil i dag få ei mappe med ulik informasjon frå høgskolen. I denne ligg det også utkast til ein avtale om ein utdanningsplan som skal vere forpliktande både for dykk og for høgskolen. I tilknyting til gjennomføring av denne har de også rett til rettleiing i forhold til gjennomføring av studiet. § De vil også få ei serviceerklæring frå høgskolen der det går fram kva vi forpliktar oss til å gjere som høgskole, men også kva vi forventar av dykk som studentar I talen til studentane for to år sidan la eg spesielt vekt på globaliseringa av høgre utdanning og av arbeidslivet, og dei utfordringane dette representerer. Høgskolen i Ålesund har arbeidd aktivt med å gjere det mogleg for studentane å vere eit semester ved ein høgskole eller universitet i utlandet, og også gjere det mogleg for studentar frå utlandet å kome til Ålesund for å studere her i kortare eller lengre tid. I fjor var det 20 studentar frå Høgskolen i Ålesund som var eitt semester i utlandet som ein del av utdanninga ved høgskolen, og vi vil komande studieår ha knapt 30 studentar frå 8 ulike land som studerer ved høgskolen på bakgrunn av avtalar gjennom EU-programmet Erasmus eller departementet sitt kvoteprogram. I tillegg har vi sjølvsagt fleire andre studentar med utanlandsk bakgrunn som har søkt og fått tilbod på vanleg måte. De som kan tenkje dykk eit semester i utlandet bør begynne å tenkje på dette no og få dette med i dei utdanningsplanane som er ein avtale mellom dykk og høgskolen. Ta kontakt anten med studieleiar eller dei som arbeider med internasjonale kontaktar. De finn dei i tilknyting til studieadministrasjonen – berre spør kvar dei er. Høgskolen i Ålesund er ein liten høgskole. Og det har mange fordelar. Det er oversiktleg både for tilsette og studentar. Alle kjenner etter kvart alle og det kan bli god både fagleg og personleg kontakt. Men å vere liten har også sine ulemper. Spesielt merker vi dette når vi skal ha kontakt med sentrale myndigheiter og med utdanningsinstitusjonar i utlandet. I samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og dei to andre høgskolane i fylket har vi difor innleia samtalar om eit nærare samarbeid med tanke på å etablere ein høgskole i fylket. Det betyr sjølvsagt ikkje at alle høgskolane skal fysisk samlast på ein stad, men at vi får ein type ”paraplyorganisasjon” under eitt namn og ei felles leiing. Entusiasmen for ein slik organisasjon er nok ulik ved dei tre høgskolane, men eg trur at vi i løpet av året vil ha kome så langt at vi kan få lagt på bordet ei skisse og ein tidsplan for ein slik organisasjon, og som kan danne grunnlaget for meir konkret planlegging. I arbeidet med å styrke høgre utdanning i regionen er Møre og Romsdal fylkeskommune blitt ein sentral og konstruktiv medspelar. Fylket er aktivt med, og har skaffa det finansielle grunnlaget for dei prosessane vi har lagt opp til for å etablere ein høgre utdanningsinstitusjon i fylket. Det nye kompetansefondet som fylket har oppretta håper vi skal kunne bidra til å heve kompetansen ved høgskolane og skaffe forskingsmidlar til aktuelle forskingsprosjekt. Ei av hovudoppgåvene for høgskolane er å styrke næringsutviklinga regionen og møte det kompetansebehovet som arbeidslivet har på ulike område. Vi har tradisjonelt hatt eit godt samarbeid med fylkeskommunen på helsesektoren, og vi håper no at vi etter kvart kan utvikle dette også når det gjeld næringsutviklinga i fylket. Høgskolen i Ålesund har nokre år slite med å få nok studentar, men dette ser også ut til å ha retta seg opp. Frå år 2000 til i år har vi hatt ein auke i søkjartalet på om lag 18%. På dei aller fleste studia vil vi ved opptaket i år ha fylt opp dei studieplassane vi har sett av. Det blir spennande no å sjå i kva grad dette slår ut i talet på studentar som møter opp i dag og dei næraste dagane. Vi har likevel i år fått ein svikt på tilgangen av unge som vil bli dataingeniørar. Det er vel ikkje så rart med tanke på dei problema det har vore innan databransjen dei siste åra. Vi skulle også hatt fleire på dei maritime utdanningane. Vi vil ikkje i år ta opp studentar på studiet i marinteknisk drift, eller maskinist utdanninga, og vi skulle hatt vesentleg fleire på nautikk eller studiet for skipsførarar. Maritim utdanning har vore eit satsingsområde for høgskolen, og det er ei vesentleg næring i denne regionen. Vi håper likevel at vi kan oppretthalde og styrke kompetansen på dette området mellom anna ved eit nærare samarbeid med den maritime fagskolen på Volsdalsberga. Frå neste år får vi eit nytt finansieringssystem for høgre utdanning. Det viktigaste i denne omlegginga er at dei midlane vi får løyvd over statsbudsjettet er avhengig av kor mange studentar som tek eksamen, eller det vi kallar for vekttalsproduksjon. Dette kan vere ein positiv vri ved at vi får meir fokus på å legge til rette undervisninga slik at studentane har større muligheiter for å klare seg, og å følgje opp studentane betre t.d. ved avtalar om utdanningsplanar og rettleiing av studentane. Men finansieringsordninga kan også føre til kortsiktige og økonomisk motiverte etablering og avvikling av studium dersom ein ikkje har ein strategi for høgskolen som ligg fast og som kan vere den viktigaste styringsreiskapen for høgskolen. Vi har svært gode eksempel på studium som har slite med å få studentar nokre år, men som så har fått svært god søknad nokre år seinare. For nokre år sidan hadde vi berre ein søknad til bygningsingeniør studiet. I dag er det det ingeniørstudiet som har best søknad. Det same gjeld studiet i marin biologi og foredling som nesten var ”nede for telling” for tre år sidan, men som no har svært god søknad. Vi må difor ha ein strategiplan og ein måte å fordele midlane internt ved høgskolen på som kan virke langsiktig. Men heller ikkje konserverande. Vi må ha eit system som både tek vare på sentrale fagmiljø, men også verkar fornyande. Vi har ein fin og skyfri dag, men finansielt sett situasjonen for Høgskolen i Ålesund langt frå skyfri. Vi har ein svært vanskeleg budsjettsituasjon, og dersom vi skulle få vidare kutt i budsjettet på nivå med det vi fekk for 2001 kan det i verste fall føre til at vi må redusere talet på tilsette med 20-30 personar om vi brukar ressursar på same måten som no. I denne situasjonen har det vore eit visst trykk frå ulike grupperingar blant dei tilsette om at vi må legge ned studietilbod. Ostehøvelen er i denne samanheng blir framstilt som er morderisk våpen på linje giljotinen. Det er gjerne slik at då er det alle andre enn ein sjølv som i så fall skal leggast ned. Personleg hare eg vore, og er framleis, i mot at vi skal legge ned studietilbod. Vi har no ei studieportefølje som er svært godt tilpassa det regionale arbeidslivet, og det må vi prøve å oppretthalde både ved å arbeide for å hindre vidare reduksjonar i budsjettet og ved å sjå på korleis vi brukar ressursane internt. Men dette krev solidaritet mellom tilsette og mellom dei ulike fagmiljø. Historia har vist oss at i år kan det vere eitt fagmiljø som ikkje får studentar og difor ikkje tener pengar, neste år kan det vere eit heilt anna. Det er berre gjennom slik solidaritet vil kan legge grunnlaget for ein dynamisk og framtidsretta høgskole i Ålesund. Eit godt eksempel på at ein både kan ta vare på eit fagmiljø og vere fornyande er det nye studietilbodet som vi startar opp i haust i Marin- og maskinteknisk produktutvikling og design. Her hadde vi to studietilbod med til dels dårleg rekruttering over nokre år og der fagmiljøa gjekk saman om utvikle eit nytt ingeniørstudium som i år har fått forholdsvis god søknad. Eg vil nytte høvet til å gi honnør til det fagmiljøet på ingeniørutdanninga som ha stått for dette arbeidet og den entusiasmen dei har vist for å få dette til. Samstundes vil eg også takke dei bedriftene som har gitt midlar for at dette studietilbodet skulle kunne etablerast. Det er eit svært godt eksempel på korleis næringsliv og høgskole kan samarbeide om heve kompetansen i regionen. Det viktigaste arbeidsmålet for Høgskolen i Ålesund er likevel å legge til rette for at vi på alle studium, og til ei kvar tid, skal ha positive og fornøgde studentar. Studentar som trivst, og som kan fortelje potensielle studentar at å studere i Ålesund er både fagleg spennande og utbytterikt. Og det er kjekt. Det skal vi frå høgskolen si side legge oss i selen for å få til. Men som eg har nemnt, her treng vi hjelp frå studentane. Og nokre studentar gjer ein innsats langt utover det vi kanskje kan forvente av dei. Styret har meint at desse bør få ei oppmuntring, og har innført ei ordning med Studentenes velferdspris. Den blir delt ut for første gong i år, og skal utdelast til ein person eller gruppe personar som i føregåande skoleår har utmerka seg gjennom ein innsats for å betre studentane sine faglege-, velferds-, økonomiske- eller kulturelle vilkår. Styret meiner at prisvinnaren er ein god eksponent for studentar som gjennom målmedviten og positiv dugnadsånd bidreg til å skape eit godt studentmiljø ved Høgskolen i Ålesund. Prisen for stuieåret 2001/2002 går til John Helge Berg-Rusten Grevstad. |
||||