I regi av Norsk villakssenter, Statens dyrehelsetilsyn og DN vert det den 4-5 september arrangert villaksseminar i Lærdal i Sogn. Temaet for seminaret blir i år: Gyrodactylus salaris – kvelartak på laksen? Om parasitten som trugsmål, om lokalt handlingsrom og engasjement, om strategiar og tiltak og om politisk vilje. I løpet av dei to dagane skal 25 foredragshaldarar snakke om ei rekke ulike aspektar ved Gyrodactylus salaris problemstillinga. Villaks-
seminaret vert arrangert annan kvart år, og seminaret i år er det sjette i rekka.
Hausten 2000 og vinteren 2001 fekk Lærdalselva og ei rekke andre elvar den triste meldinga om at lakseparasitten Gyrodactylus salaris var funnen. Parasitten er ein av dei største trugsmåla mot laksen. Det har vore sterk fokus på dyresjukdommar i Europa og Noreg, og det er sett av store midlar for å kjempe mot dei. Fleire mislukka aksjonar har sett spørjeteikn ved rotenon som metode for å utrydde parasitten, men utan at det er komme alternative behandlingsmetodar på bana. Det har vore mobilisert for å få politiske styresmakter til å løyve naudsynte midlar for å hindre spreiing og å utrydde parasitten frå det norske økosystemet. Samstundes byrjar fleire å stille spørsmål ved om dette i det heile let seg gjere. Dette er situasjonen som dannar bakteppet for Villaksseminaret 2001 i Lærdal. Foredraga tar føre seg ei rekkje viktige tema innan forsking og forvaltning, og omhandlar også dei politiske aspekta ved Gyrodactylus problemstillinga.
Alle som er interesserte kan delta på villaksseminaret i Lærdal. Vil du ha meir informasjon om programmet den 4. og 5. september, eller melde deg på som deltakar, finn du det du treng i følgjande Word dokument: