Skrevet av Sigbjørn Vaksvik
Påska er over for lengst, våren har starta, men det er inga unnskyldning for å legge skia på hylla enno!
Møre og Romsdal har eit utall flotte ski- og fotturar å tilby heile året både for turvante og familiar. Spesielt stort er utvalet på Sunnmøre, med sunnmørsalpane og Tafjordfjella.
For å starte med ein lett tur kan ein tur opp på Middagsfjellet i Vestnes kommune anbefalast. Turen kan startast frå parkeringsplassane langs vegen over Ørskogfjellet, og ein går stort sett i svakt hellande terreng nesten heilt til topps. Snøen på Ørskogfjellet har dessverre ein tendens til å forsvinne raskt, men dette er ein fin tur også når det er bart. Går ein roleg kan ein rekne med å bruke bortimot 2 timar. Alternativ rute opp, på barmark, er frå Tomresetra i Tomrefjorden, denne ruta er ein del brattare, men vil truleg ta mindre tid. Vil ein ha ein lengre tur kan ein gå vidare frå Middagsfjellet, over eit litt luftig skar mot Brustind, og vidare i flatt og fint terreng til Vikaksla. Derifrå går turen bratt ned skråninga til Vik.
Ein annan lett og fin tur er opp på Høgsvora med start frå Vaksvikfjellet, parkering ved det tidlegare sportskapellet. Derfrå går turen opp ei slak og fin skråning bak kapellet og opp til eit ”langt” platå som tar deg inn til foten av Høgsvora. For barnefamiliar er dette ein fin tur i seg sjølv, og fjellskråninga er solvendt og pleier å ha mange ferdiglaga sittegroper. Turen herfrå og opp til toppen kan oppfattast som bratt, men det er på ingen måte luftig, og tar moglegens ein liten time om du tar det roleg utan for mange stopp. Utsikta frå toppen er flott, og belønninga for strevet er ei flott skråning å øve seg på telemarkkjøyring i. Total tid frå kapellet til toppen blir på nokre timar avhengig av tempo, men i fint vær er det absolutt anbefalt å sette av ein dag!
Ellers arrangerer både Molde og Romsdals Turistforening, Ålesund-Sunnmøre Turistforening, Stranda Turlag, og mange andre lokale turlag turar heile våren i heile distriktet, og det er berre å hive seg med. Føler du for å gå for deg sjølv kan du likevel få mange flotte turtips om du sjekkar websidene deira, eller tar kontakt med turlaga.
Dersom dette ikkje er nok og du framleis er sulten på ski når sommaren kjem anbefales Stryn Sommerskisenter. Forventa åpningshelg er 25-28 Mai.
Forbereder de dykk godt, og om de er obs på skredfara, så kan de få mange uforgløymelege naturopplevingar sjølv etter påske. God tur!!
Publisert under Lokalt | utskriftsvennlig versjon | 1029 reads
Submitted by ingrid on Fri, 2006-04-21 23:48.
