Logo

Poll







Upcoming events

...og Sting skuffa ikkje

Av Sigbjørn Vaksvik

Etter upåklageleg oppvarming av ”special guest” Fiction Plane og ein god pause, ankom Sting til ellevill jubel frå eit stemningsfullt publikum på Romsdalsmuseet.

Etter ei meget god åpning, med ”Message in a bottle”, veksla repertoaret mellom rolige og meir elle mindre livlige godlåtar gjennom heile konserten. Eksempelvis: ”If I ever lose my faith in you”, ”Englishman in New York”, “Shape of my heart”, “Every little thing she does is magic”, og ikkje minst ”Fields of gold”!

Etter “Roxanne”, som forøvrig om mulig var litt i lengste laget, og i augene til underteikna ville vore ein skuffande slutt, kom den obligatoriske ”lat som om konserten er ferdig”-akta.
Heldigvis vart stemninga, som hadde dalt litt under ”Roxanne”, skutt i været av det første ”ekstranummeret”: ”Desert rose”!

Den behagelige stemninga vart toppa av ”Every step you take”. Denne vart følgt av den livlige låta ”Next to you” som tilsynelatande fekk det til å rykke i dansefoten til dei fleste oppmøtte, som var godt representert av begge kjønn i alle aldrar.

Siste ekstranummer, ”Fragile”, benytta Sting til å takke for oppmøtet.

Alt i alt eit meget tilfredsstillande show, og som kommentert på veg ut, ”absolutt ikkje bare for fans”!

Publisert under Lokalt | utskriftsvennlig versjon | 826 reads

Submitted by ingrid on Thu, 2006-07-20 02:33.