Logo

Poll







Upcoming events

Første doktorgradpromosjon ved høgskulen

Skrevet av Sigbjørn Vaksvik

Tirsdag 12. desember 2006 vart ein merkedag for Høgskulen i Molde med promosjon av dei tre første doktorgradsstudentane utdanna her ved høgskulen.

Etter ein akademisk prosesjon, tale ved rektor Martin Risnes og tale ved Ingjald Ørbeck Sørheim, adskilt av flott musikk av Møremusikerne, var det klart for sjølve promosjonen. Dei ferske doktorane er Berit Irene Helgheim som har hatt ei avhandling om Production Processes in Health Care, Arnt-Gunnar Lium som har hatt ei avhandling om Stochastic Service Network Design, og Arild Hoff som har hatt ei avhandling om Heuristics for Rich Vehicle Routing Problems. Etter at alle tre hadde fått overrekt papira, og ei lita gåve, heldt Arild Hoff ein felles takketale for alle tre.

Deretter fulgte promosjon og takketalar av æresdoktorane Sturla Steinsvik, administrerande direktør ved Omya Hustadmarmor, og Kurt Jörnsten, professor ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Steinsvik fekk tittel som æresdoktor etter lang tids nært sammarbeid med høgskulen som førte til at selskapet våren 2006, som ein av fem finalistar, vart nominert til Frans Edelman Award for arbeidet med å utvikle ein avansert optimaliseringsmodell for logistikkproblemet ved skiping av flytande marmor ut til kundane i Europa.

Kurt Jörnsten fekk sin tittel etter å ha vore ein sentral person ved oppbygginga av fagmiljøet i logistikk ved høgskulen sidan tilsettinga i ei bistilling ved høgskulen i 1992. Jörnsten har også vore ein viktig kontaktperson ved NHH og han har vore ein verdifull ressursperson for forskerar og doktorgradsstudentar ved Høgskulen i Molde.

Publisert under Lokalt | utskriftsvennlig versjon | 555 reads

Submitted by ingrid on Wed, 2006-12-13 15:15.