Logo

Poll







Upcoming events

Likeverdskonferanse på kvinnedagen

Torsdag 8. mars er det likestilling som står i fokus. Då kjem ulike representantar frå blant anna næringsliv, skulesektoren og offentlege instansar frå heile fylke til høgskulen for å ta del i konferansen ”LIKEVERD - På veg mot eit likestilt samfunn?” Konferansen er open for alle studentar.

Formålet ved konferansen er å setje fokus på det samfunnet vi har i dag og ulike spørsmål om likeverd og like moglegheiter.

Litt om dei inviterte foredragshaldarane:

  • Hovedkonferansier er Pernille Sørensen som er stand up komikar og skodespelar kjent frå m.a. program i NRK - Melonas og På Løvebakken.
  • Forfattar og redaktør Martine Aurdal har skreve boka om Siv Jensen.
  • Ove Bjarnar, forskar, Høgskolen i Molde skal snakke om historiske fakta omkring likeverd.
  • Raymond Hagen er ein ung gründer som har halde førelesningar om gründerverksemd.
  • Dramatisering ved Teatret Vårt med song og musikk omkring temaet likeverd.
  • June Terese Ytrebø og Ole Andre Gjerde representerer ungdomsreferansegruppa for arrangementet.

Konferansen er initiert av Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal fylke i tett samarbeid med ung i Møre og Romsdal. Dagsorden er sett av ungdom.

FØREBELS PROGRAM

1000 - 1015 Opning June Terese Ytrebø og Ole Andre
Gjerde frå ungdomsreferansegruppa

1015 - 1045 Pernille Sørensen, stand up komiker

1045 - 1115 Innlegg Martine Aurdal, redaktør i Ny Tid

1115 - 1200 LUNSJ

1200 - 1230 Teatret Vårt

1230 - 1315 Innlegg Ove Bjarnar, forskar, Høgskolen i Molde

1315 - 1330 PAUSE

1330 - 1415 Innlegg Raymond Hagen, dagleg leiar for Minerva Sikkerhet AS

1415 - 1430 Pernille Sørensen

1430 - 1530 Paneldebatt, møteleiar Pernille Sørensen

Avslutning /vel hjem - June Terese Ytrebø og Ole Andre Gjerde

Publisert under Lokalt | utskriftsvennlig versjon | 456 reads

Submitted by ingrid on Thu, 2007-02-22 16:41.