Utfordringar for nynorsken
I løpet av hausten 2007 skal regjeringa leggje fram ei stortingsmelding
om norsk språk og språkpolitikk der òg situasjonen for nynorsk
vil verte drøfta. På same tid skal det leggjast fram ein strategiplan
for nynorsk i opplæringa. I den samanhengen kan det vere på sin
plass med nokre refleksjonar kring utfordringar for nynorsken i tida
framover.
Har fått nye bruksområde
Ser vi på situasjonen for nynorsk i dag, får vi eit samansett bilete. På
den eine sida står nynorsken formelt sterkt som eitt av to jamstelte
språk i Noreg. Nynorsken er offisielt språk i mange kommunar og
fylkeskommunar, vert brukt i ei rad lokal- og regionalaviser og i NRK,
og har ein rik litteratur med framståande forfattarar som Jon Fosse
og Kjartan Fløgstad. Det ser òg ut til at styrken nynorsken har fått
på Vestlandet er med på å gi rom for nynorsk i nye bruksområde.
Nynorsken er såleis eitt av dei 37 språka i verda som har fått
brukargrensesnitt for verdas mest brukte dataprogramserie, Microsoft
Office.
Manglar innpass i maktgrupper
På den andre sida er der eit press mot nynorsken. Presset heng saman
med at tilhøvet mellom nynorsk og bokmål ikkje er jambyrdig.
Nynorsken vert ikkje berre mindre brukt enn bokmålet, men manglar
òg innpass i viktige maktgrupper og språkbruksdomene, særleg i
økonomi, teknologi og populærkultur. Vi kan seie at nynorsken
manglar ein komplett samfunnspyramide. Mykje av motstanden
mot nynorsken vert difor instrumentell – nynorsken vert oppfatta
som «unyttig». Det har vi sett gjennom motstanden mot obligatorisk
sidemålsopplæring. I tillegg kjem strukturelle utviklingstrekk. Det
gjeld sterkare folkevekst i urbane bokmålsområde (særleg Oslo og
i Rogaland) enn i nynorskområde og det gjeld omorganisering i
offentleg sektor (som gjer bruksområdet for Mållova meir uklår). Også
samanslåingar av bedrifter, skulekrinsar og kommunar utgjer eit press,
av di nynorskkrinsen, nynorskbedrifta eller nynorskkommunen ofte er
den minste parten.
|
|
Hubro er Universitetet i Bergen sitt eksternmagasin.
Det kjem ut med fire utgåver årleg, og er ein kanal for allmenn
formidling av forskinga som går føre seg ved universitetet.
For tips og spørsmål vedr. annonsar etc., kontakt redaksjonen
på tel. 55 58 90 86, eller på epost.
Tidligere UiB-magasinet; bestilling |