Universitetet i Bergen: Hubro
    Hubro
 


Bonde med eigen vitskap

Då buskapen vart sjuk på beite, vart det viktig å knekkja den giftige planten som skada dyra. Og der forskarane kom til kort, fann bonden Truoma si eiga geniale løysing.

Både geiter og yak-dyr fall om, vart sjuke og døydde etter å ha ete den giftige planten Astragalus strictus, som breidde om seg i beiteområda ved Yanba Jing utanfor Lhasa. Overbeite gav plass til planten som formerte seg fort, og det vart eit stort problem for bøndene og dyra deira. Truoma har klart seg heile livet utan bokleg lærdom, men lever tett på naturen og dyra og brukar eigne erfaringar til å finna løysingar på det meste. Og svaret på det vitskapsfolka fånyttes har freista finna ut av, var rett og slett dyrepiss.



Få denne utgåva tilsend / abonnér

Hubro er Universitetet i Bergen sitt eksternmagasin. Det kjem ut med fire utgåver årleg, og er ein kanal for allmenn formidling av forskinga som går føre seg ved universitetet.

For tips og spørsmål vedr. annonsar etc., kontakt redaksjonen på tel. 55 58 90 86, eller på epost.

Tidligere Hubro-utgivelser; bestilling