Automatiske diskkvotar
Vi har innført automatikk på studenttenarane hume, kant, hegel og
descartes for å halde kontroll med diskbruken til studentane med minst
mogleg manuellt arbeid. Vi sender ingen manuelle diskgrisbrev på dei
maskinene. Alt går automatisk. Automatikken utvidar og partisjonar
når det er naudsynt. Manuell overstyring av individuelle diskkvotar
kan gjerast via bofh.
Kva som avgjer kvoten
Initiell kvote
Alle brukarar på maskiner med kvote får 2 GiB i initiell kvote. Det
er for å gardere oss mot at nokon brukar all plass på ein partisjonen
og går sin veg. Alle partisjonar skal alltid ha ledig plass.
OBS: Initiell kvote vart heva frå 1 til 2 GiB 12. april 2006.
Kvotar sett før då vart ikkje endra, so gamle brukarar kan framleis ha
1 GiB der det står 2 GiB i dette dokumentet. Begge delar er langt over
minstekvoten.
Minstekvote
Alle brukarar har og ein minstekvote. Det er den plassen dei har krav
på. Det er iorden å bruke meir plass, men dei som har størst
overforbruk må ta ansvar og rydde når ein partisjon er full. Gjer dei
ikkje det vert kvoten deira redusert frå initiell kvote til
minstekvoten.
For ein høgaregradsstudent, dvs ein student som har opptak til og er
semesterregistrert og meldt til eksamen på eit masterprogram eller
hovudfag, har 400 MiB i minstekvote. Andre aktive studentar, dvs at
dei er semesterregistrert og meldt til eksamen i minst eitt kurs som
kan inngå i eit studieprogram dei har opptak til, får 200 MiB
minstekvote. Brukarar som ikkje lenger er studentar får 100 MiB
minstekvote. Ein del får det fordi studieretten har gått ut eller dei
har gløymt å semesterregistrere seg eller melde seg til eksamen.
Du kan sjå minstekvoten som "Disk quota" med kommandoen user
info i bofh. Minstekvoten er ikkje effektiv før nokon evt har
fått diskgrisbrev og ikkje rydda. Fram til då er effektiv kvote 2
GiB. Viss nokon av ein eller annan grunn ikkje har kvote i bofh, får
dei 100 MiB i minstekvote.
Manuell overstyring
Minstekvotane i bofh kan overstyrast opp til 1 GiB med bofh-kommandoen
user set_disk_quota. Dei kan ikkje i noko tilfelle settjast
over 1 GiB. Automatikken fungerer ikkje spesielt bra når det er for
stor skilnad mellom kvotane til brukarar på same partisjon. USIT vil
heller ikkje betale for ekstra diskplass til studentar som treng
ekstremt mykje. Då må brukaren få plass ein annan stad på instituttet
si rekning.
Unnatak skal tidsavgrensast og grunngjevast. Faglege grunnar er
akseptert, men langvarieg utvida kvote av den grunn skal stadfestast
av kursleiinga eller rettleiar. Vi aksepterer og kortvarige unnatak
fordi brukaren ikkje har høve til å rydde med ein gong.
Korleis automatikken fungerer
Automatikken er hovudsakleg eit script som heiter autokvote.pl og går
på hume, kant, hegel og descartes. Det har og litt leamikk rundt seg.
Her kjem først ei skisse over leamikken rundt og grovt kva scriptet
gjer, og deretter ein detaljert gjennomgang av scriptet.
Skisse
- ca 0400: Studentautomatikken reknar ut minstekvotar for alle
studentar på hume, kant, hegel og descartes.
- ca 2330: Cerebrum dumpar ei fil med brukarnamn og kvotar.
- 2345: Fila vert overført til studenttenarane hume, kant, hegel
og descartes.
- 0000: Kvoteautomatikken startar og går gjennom fylgjande steg:
- Sjekkar at alle brukarane har ein minstekvote, og at kvoten er
større enn eller lik kvoten i Cerebrum.
- Evt utviding av fulle partisjonar og utsending av diskgrisbrev
til dei som brukar mest.
- Setting av kvote på diskgrisar som ikkje ryddar.
- Heving av kvote på gamle diskgrisar som har skjerpa seg.
autokvote.pl
- Først les scriptet inn to filer. Ei med oversikt over kven som
har fått diskgrisbrev når og kven som har reduserte kvotar og
når dei sist var registrerte diskgrisar. Den andre fila har
oversikt over alle brukarane på maskina og kva deira
minstekvotar skal vere. Scriptet hentar i tillegg ei liste over
alle brukarane på maskina frå NIS, til feilsjekking og kontroll
av at alle er med.
- Alle brukarar som ikkje har kvote får sett kvoten sin til 2 GiB.
Alle brukarar som har kvote mindre enn minstekvoten frå
Cerebrum-dumpen får kvoten sin heva til det Cerebrum seier han
skal vere.
- Scriptet sjekkar om nokon partisjonar er fulle. Ein full
partisjon er definert som ein partisjon med mindre enn 3 GiB
ledig eller som er meir enn 90% full. Grensa på 3 GiB er vald
slik at det framleis skal vere ledig plass sjølv om ein brukar
med initiell kvote fyller heile kvoten sin på ein dag.
- Partisjonar med mindre enn 2 GiB ledig vert utvida nok til at
det er mellom 2 og 2,25 GiB ledig plass, slik at det alltid skal
vere plass. Sjølv i september med alle sine luringar som prøvar
å laste ned heile Internett same dag som dei får konto.
- For alle partisjonar som er fulle ser scriptet etter dei største
diskgrisane. Ein diskgris er ein som brukar meir enn
minstekvoten sin. Den største diskgrisen er den som går over
minstekvoten sin med størst faktor. Ein som brukar det
femdobbelte går over med ein faktor på 5, ein som brukar det
dobbelte går over med ein faktor på 2, osv. Etter å ha sortert
lista på overforbruksfaktor går scriptet gjennom lista.
Brukarar som allereie har fått kvoten redusert til minimum vert
ignorert i alle utrekningar, men vi sjekkar om dei har skjerpa
seg og no brukar mindre enn minstekvoten. For resten skjer ein
av tre:
- Er brukaren ny på lista får han
diskgrisbrev viss
- Han ikkje har fått åtvaring tidlegare. (Tidlegare
åtvaringar vert gløymt når dei er eldre enn ei veke.)
- Han har overforbruksfaktor på minst 1,2.
- Overforbruket er minst halvparten av faktoren til den som
står på toppen av lista på denne partisjonen. (Ofte er
det berre den største diskgrisen som får brev.)
- Han er blant dei seks øvste på lista.
- Har brukaren fått diskgrisbrev for mindre enn ei veke sidan
gjer vi ingenting utover å logge noverande plassbruk.
- Har brukaren fått åtvaring for minst ei veke sidan får han
kvote og kvotebrev.
- Viss scriptet ikkje fann nokon diskgrisar, vert partisjonen utvida opp
til neste heile GiB.
- Etter gjennomgangen av alle partisjonane vert restriksjonar
fjerna for alle brukarar som ikkje har vore diskgrisar på meir
enn ei veke, anten fordi det har vore god plass på partisjonen
heile tida eller fordi brukaren no er under kvoten. Det vil
seie at kvoten vert sett opp att til 2 GiB og scriptet gløymer
at brukaren har vore diskgris.
- Til slutt lagrar scriptet ny status for alle som har fått brev
eller har kvote. Brukarar som fekk brev for meir enn ei veke
sidan og ikkje lenger er registrerte diskgrisar vert gløymde.
Typiske automatisk utsende brev
For referanse er her eit typisk diskgrisbrev og eit kvotebrev. Dette
er døme. Kvote, faktorar, forbruk og dato vil variere.
Diskgrisbrev
From: unix-drift@usit.uio.no
To: råne
Bcc: logs@usit.uio.no
Subject: Heimedisken din er snart full
På tide å rydde litt.
Disken du har heimeområdet ditt på er ein delt resurs. No er disken i
ferd med å bli full, og for at alle skal vere sikra sin reserverte
plass på disken må dei som brukar mest slette eller komprimere filer
og avgi plass til andre.
Sjå http://www.usit.uio.no/it/student/hjem for kort informasjon om kva
heimeområdet ditt er, kvotar og korleis du ser kor mykje plass du
brukar.
Kor mykje plass kvar enkelt student har reservert varierer med kurs,
studienivå og eventuelle unntak gitt. Du har 100 MiB. For tida
brukar du 3.83 gongar meir plass, totalt 383 MiB, og er blant dei
fem på disken som har høgst overforbruk.
Dersom du framleis brukar meir plass enn 100 MiB den 2005-04-08, og
disken framleis har for lite ledig plass, vil du automatisk få kvote
på heimeområdet ditt. Kvoten medfører at du ikkje får lagra filer på
heimeområdet ditt før du brukar mindre plass enn dette, og du kan få
problem med å logge inn på arbeidsstasjonar.
Dersom du kan dokumentere at du treng meir plass i ein periode, kan du
ta kontakt med lokal IT-ansvarleg eller termvakt og be om utvida kvote
fram til ein gitt dato.
Kvotebrev
From: unix-drift@usit.uio.no
To: galte
Bcc: logs@usit.uio.no
Subject: Det er lagt kvote på heimeområdet ditt
Heimeområdet ditt har fått kvote!
For ei veke sidan fekk du melding om at du brukte for mykje diskplass.
Dessverre gjer du framleis det, og for at alle på disken skal vere
sikra sin garanterte minsteplass må vi dessverre gi deg kvote.
Kvoten din er på 200 MiB og vil vare fram til du har brukt mindre enn
kvoten i minst ei veke og disken ikkje lenger er nær full.
Dersom du kan dokumentere faglig torv for meir diskplass, ta kontakt
med din lokale IT-ansvarlege, og be om at vedkommende anten flyttar
deg til en annan disk eller gjev deg mellombels utvida kvote. Utvida
kvotar får ikkje effekt før neste dag.
Redaksjon: unix-drift@usit.uio.no, unix-drift@usit.uio.no
Forfattar: Sturle Sunde
Dokument oppretta: 13.04.2005