Etterutdanningstilbod i kroppsøving, idrett og friluftsliv



For dei tilsette i kroppsøvingsseksjonen er undervisning innan etterutdanning ei arbeidsoppgåve på linje med undervisning innan grunn- og vidareutdanning. Svært ofte er det gjennom deltaking i etterutdanningskurs at fagtilsette ved høgskulen får ”grasrot-kontakt” med førskulelærarar og grunnskulelærarar. Etterutdanningsarenaen er difor ein svært inspirerande og nyttig arena for oss som faglærarar.

Aktiviteten på etterutdanningsfronten kan variere noko frå år til år. I periodar vert det stor aktivitet, oftast i samband med reformer innan utdanningssektoren (t.d. innføring av L-97). I andre periodar kan det vere lite ”oppdrag” og etterspurnad om etterutdanningskurs, og det kan og vere periodar der vi som fagtilsette har meir enn nok av oppgåver knytt til grunn- og vidareutdanningane ved høgskulen.

Svært ofte kan etterutdanningskurs bli realisert ved at vi samarbeidar med andre miljø. Vinteraktivitetsveka på Bjorli (KVA.no.Bjorli) er eit godt døme på det. Saman med Møre og Romsdal Idrettskrets, Idrettskonsulenten i Møre og Romsdal og Landslaget Fysisk fostring i skulen (LFF) har vi fleire gonger arrangert ”Voldakurset” – eit etterutdanningskurs over 2-3 dagar lagt til Volda. No er det ei tid sidan siste gong dette kurset vart arrangert, og kanskje er det på tide å kome på banen med eit nytt ”Voldakurs” i løpet av 2002-2003 ?

Likevel har vi som fagseksjon ei målsetjing om å vere ein ressurs i regionen for etterutdanning i vårt fagfelt, både for barnehage- og skuletilsette. Vi kan gi tilbod om kortare eller lengre etterutdanningskurs knytt til dei fleste sentrale emne i fagområdet : Kroppsøving - Leik –Idrett - Friluftsliv. Plan for kompetanseutvikling i Kroppsøving frå 2000 (F-4093/7 – frå KUF aug. 2000) er eit sentralt dokument for eit systematisk arbeid med å heve kompetansen til kroppsøvingslærarar i grunnskulen. I denne planen er det utarbeidd opplegg både for etterutdanning (grunn- og påbygningsmodular og enkeltkurs), og opplegg for kompetansegjevande vidareutdanning bygd opp av mindre modular (1- 2 vekttal). I samband med arbeid med ny gradsstruktur innan høgre utdanning, vil seksjonen også arbeide for å modulisere større studieeiningar, slik at nokre av dei kan ”opnast” for kurs-studentar som vil bygge opp sin eigen kompetanse.

Spørsmål om kurs innan etterutdanning, kan stillast direkte til seksjonen v/seksjonsleiar Geir Humberset (tlf. 70075372 eller e-post: geir.humberset@hivolda.no) eller til
Kontor for etter- og vidareutdanning (KEV), som oftast vil vere dei som administrerer slike kurs.

Linken "Studietilbod" viser til heile spekteret av utdanningstilbod ved Kroppsøvingsseksjonen.

Oppdatert 25. mars 2002