Utefag - Tverrfagleg fordjuping

30 studiepoeng (10 vt)
Utefag er lagt til 3. studieår i førskulelærarutdanninga. Studiet er også tilrettelagt med tanke på vidareutdanning.

Utefag er ei vidareføring og ei fordjupning i faga fysisk fostring og naturfag med miljølære i førskulelærarutdanninga. Fordjupninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i dei aldersgruppene som rammeplanen for førskulelærarutdanning legg opp til.

Studiet skal i stor grad ta utgangspunkt i opplevingar og eigne erfaringar. Gjennom opplevingar, aktivitetar og drøftingar skal studiet stimulere til uteaktivitet med barn i barnehage og skule. Innhaldet i fagstudiet er derfor i stor grad praktisk retta. Så langt som mogeleg vil friluftsliv vere ramme for undervisninga. Hovudemna er naturen og menneske, barn – rørsle – natur og barnehagen sitt uteområde og nærområde.

Studentane skal ta del i feltarbeid og ekskursjonar til ulike naturmiljø og til ulike årstider. Dette vil gjelde både halvdags-, dagsturar og turar over fleire dagar, med observasjonar, opplevingar og aktivitet. Semesterplanane gir utfyllande informasjon om dette.
Lengre ekskursjonar:
- Kyst,fjøre og friluftsliv er ein fire dagars ekskursjon med overnatting i telt.
- Vinterekskursjon som går over fem dagar, med innandørs overnatting, men med høvefor overnatting ute i snøhole.
- Fjell og bre. Dagstur for å sjå korleis bre og vatn formar landet.

Du treng ingen spesielle erfaringar eller føresetnader for å ta denne fordjupningseininga.

Fagplan Utefag Studiehandbok>>





Segling med tradisjonsrike båtar



Topptur på ski.




Barn på oppdagarferd



Bålkos om vinteren


Oppdatert 18. feb 2002