Nettbaserte historieemne

Alle tilboda i historie på basis- og fordjupingsnivå (grunn- og mellomfag) ved Høgskulen i Volda har frå studieåret 2002-03 vore nettstøtta. Det tyder at all informasjon til studentane (både ordinære, fjern- og deltidsstudentar) og ein betydeleg del av undervisninga blir gjeven via e-læringssystemet (Classfronter) HVO nyttar.

Frå studieåret 2004-05 er dei fleste emna tilbode også som nettbaserte. Dei har da ein N bak emnekoden, t.d. HI101N, HI204N osv. Ikkje alle nettbaserte emne blir tilbode kvart semester. Om studieplanane for kvart emne, sjå framsida. Om undervisningssemestra, sjå her.

Opplegget består konkret av følgjande element (felles for "lokal-" og nettvariantane):

Den vanlege klasseromsundervisninga som foregår i Volda framgår av semesterplanane, og nettstudentar som har høve til det kan delta. Enkelte emne kan ha helgesamlingar. Det blir kunngjort særskilt.