På denne sida finn du informasjon om ulike delar av registreringsarbeidet. Det er ikkje sikkert du treng å lese gjennom alt for å få den hjelpa du treng. Det viktigaste er det som står under punktet om registreringsskjemaet.
Nedst på denne sida er litt informasjon som kanskje kan vere nyttig, men som ikkje går direkte på sjølve registreringa. Her kan du finne ut meir om personleg logg, Forskdok-statistikk og søking i Forskpub.
Passord
Etter at du har fått melding om at du er registrert som brukar, kan du sjølv bestille passord ved å gå inn på innloggingssida til Forskdok. Du kjem inn på bestillingssida ved å klikke på "her". Følg instruksane her og hugs å bruke den lange e-postadressa di. Etter ca. 1 minutt vil du få tilsendt passord på e-post. Du er då klar til å logge deg inn.
Innlogging
På innloggingssida klikkar du på den grå "logg inn"-knappen. I innloggingsfeltet skal du framleis bruke den lange e-postadressa som brukarnamn. Passordet består av bokstavane "df" og 4 siffer. Desse skal skrivast utan mellomrom.
Personregister
Fyrste gong du er inne og registrerer, må du legge inn nokre opplysingar om deg sjølv i personregisteret. Når du har logga deg inn, kjem du til ei side der det øvst står Hovedmeny og Forskdok registrering. Her kan du klikke på den øvste grå velg-knappen (søke/oppdatere personregister). Klikk på Registrere ny person. For å vere sikker på at namnet ditt ikkje ligg inne her, bør du først skrive inn namnet ditt i det kvite feltet, deretter klikk på søk. Om du får null treff, klikkar du på registrere ny person, og du kjem no inn i sjølve personregisterskjemaet. Fyll ut dei kvite felta. Institusjonsfeltet treng du ikkje skrive noko i, men trykk på søk-knappen og finn fram til rett institutt/seksjon under Høgskulen i Volda. Datofelt treng ikkje fyllast ut. Til slutt klikkar du på ok. No får du fram alle opplysingane du har lagt inn. Dersom det ser greitt ut, klikkar du på lagre. Dersom du vil endre noko, klikkar du på endre, og du kjem tilbake til skjemaet. Følg då same prosedyre. Etter lagring klikkar du på tilbake for å kome til registreringssida.
Registreringsskjemaet
1) Klikk på Registrere ny publikasjon.
2) Velg hovudkategori, deretter underkategori.
No kjem registreringsskjemaet fram. Det består av mange felt, men alle treng du ikkje å fylle ut. Dei som har raud skrift heilt til høgre, må fyllast ut. For å fylle ut felta, må du klikke på den grå åpne-knappen til venstre for kvart felt. Fyll ut feltet du opna, deretter opnar du neste aktuelle felt. Dersom du treng hjelp, finn du ein grå hjelp-knapp oppe i kvart felt (når det er ope).
3) Personopplysingar: Her må du søke opp namnet ditt frå personregisteret. Trykk deretter velg og ok. Legg merke til at det finst ein "gardin"-meny til høgre i feltet. Forfattar kjem automatisk opp, men i enkelte kategoriar kan du velje redaktør eller annet (t.d. som intervjuobjekt).
4) Statistikkode: Her skiljer ein mellom fast tilsette og andre.
5) Når du har fylt ut alle felta, klikkar du på lagre-knappen.
(Dersom du vil ha eit oversyn over det utfylte skjemaet, kan du klikke på lukk åpne felt før du lagrar. Då vil du oppdage om du har gløymt noko.)
6) Etter lagring får du ei kvitteringsmelding. Ved å klikke på her kan du sjå korleis registreringa ser ut når ein søkjer den opp i Forskpub. Dersom du oppdagar feil her, kan du klikke deg tilbake til registreringsskjemaet og rette opp. Hugs å lagre igjen!
Anna nyttig:
Personleg logg
Nedst på registreringssida (Hovedmeny) kan du velje Se personlig logg. Dersom du klikkar deg inn her, vil du få fram eit oversyn over det du sjølv har lagt inn det siste året (gruppert månadsvis). Dersom det er tomt, kan du klikke deg inn på ein annan månad. Frå denne sida kan du klikke deg rett inn i registreringsskjemaet for ein bestemt publikasjon. Dette er ein lettvint måte dersom ein vil endre noko.
Statistikk
Utgangspunkt er sida FORSKDOK Lister og statistikk (der du må logge deg inn - same brukarnamn og passord som for registrering). Her er fleire alternativ - eit enkelt og eit meir omfattande: