Erasmus


Erasmus er EU sitt program for samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Europa. Studentutveksling er ein viktig del, men Erasmus inneheld òg lærarutveksling og andre former for fagleg samarbeid.

Norske universitet og høgskolar har vore med i Erasmus sidan 1992. I 1995 vart Erasmus ein del av SOKRATES, EU sitt handlingsprogram for utdanning.

Noreg deltek i Sokrates gjennom EØS-avtalen. Som EØS/EFTA-land kan Noreg ikkje utveksle studentar innanfor Erasmus med andre enn EU-medlemsland. For utveksling mellom Noreg og kandidatlanda til EU, har UD og UFD difor oppretta eit eige program kalla
The Erasmus Link to Norway.

Universiteta og høgskolane søkjer direkte til EU om eit Erasmus universitetscharter. Dette charteret gir rett til å ta del i alle aktivitetane i Erasmus. For nærare omtale av desse, sjå
Aktivitetar og nettverk.

For å kunne søkje om deltaking i Erasmus, må dei respektive nasjonale myndigheitene offisielt ha godkjent universitetet eller høgskolen som høgare utdanningsinstitusjon. Alle godkjende institusjonar får ein Erasmus-kode, uansett om ein deltek i programmet eller ikkje. For eit oversyn over godkjende institusjonar i dei 30 landa som deltek, sjå
http://www3.socleoyouth.be/static/en/others/pgIcEligibleInstitutions.html.

Erasmus-utveksling

Som fagleg tilsette ved høgskulen kan du få stipend til eit kort undervisningsopphald i eit EU-land. Dette vil gi deg:

Du får:

Slik går du fram: