Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Humanistiske fag / Fagmiljø/institutt / Historie / Mappeeksamen / Responsarbeid /

Responsarbeid: Målsetjing, krav og kriteria

Av Kari A. Hasle

Føremål
Til grunn for arbeidet med mappevurdering ligg målsetjinga om ei positiv utvikling av studentane sine evner til systematisk og problemorientert skriving. Dette føreset at de veit lærer noko om kriteria for kva som gjer ei oppgåve god. Arbeidet i gruppene skal fremje denne læringa.

Når de diskuterer kvarandre sine tekstar, får de øving i bruken av desse vurderingskriteria. De får innsikt i kvarandre sine tekstar, de får respons på eige arbeid, og de får trening i å samtale om tekstar. Erfaringane de får gjennom arbeidet i gruppene legg grunnlaget for eigenvurderinga de seinare skal gjere når dei beste arbeida skal veljast ut i innleveringsmappa.

Krav
Kvar student skal i kvar oppgåverunde gje kommentarar til utkast til evalueringsoppgåvene for fire andre studentar. Det blir gjeve ein frist for når dette kommentararbeidet skal vere utført i semesterplanen for kvart emne.

Om korleis du kommenteret reint teknisk
Kommentararbeidet blir gjort i Kark slik det framgår av eiga rettleiing. Du kan altså gå inn i tekstane til medstudentane og gje konkrete realhistoriske eller formelle innspel til kvart avsnitt i tekstane. Her kan òg medstudentar og forfattaren av oppgåveutkastet kome inn, og det vil vere høve til å bruke funksjonen som diskusjonsforum. Gode diskusjonar er eit pluss i sluttevalueringa.

I tillegg bør du absolutt gje ein sluttkommentar til kvar tekst. Det gjer du på den siste blyanten (siste avsnittet) i teksten. Gode sluttkommentarar vil bli vektlagt i sluttevalueringa.

Felles ramme for sluttkommentarar
Kva skal de gje kvarandre respons på, i tillegg til det reint realhistoriske innhaldet i teksten? Og kva er det som skil ei god oppgåve frå ei mindre god? For at de skal kome godt i gang med å kommentere kvarandre sine tekstar, har vi - på bakgrunn av diskusjon med studentar under innføringa i mappeevalueringsprosjektet - sett opp ei felles ramme som utgangspunkt. Desse kriteria er på ingen måte ”absolutte”. Kvar gruppe og kvar einskild student kan gjerne tilføye og stryke moment i eige responsarbeid. Måten dette vert gjennomført på, og innhaldet i kommentarane, vil ta form etterkvart som de ser kva som er mest tenleg for kvarandre.

Responsarbeidet skal vere konstruktivt. Dette inneber at kommentarane du gjev dine medstudentar skal vere ”oppbyggjande” og stimulerande, og bidra til at kvar og ein får tatt i bruk sine ressursar på ein best mogleg måte.

Kriteria:
1)Respons på:
- Fagleg innhald
- Formelle krav
- Språk og framstilling

2)Spørsmål du kan stille til teksten:
- Relevant problemformulering i høve til oppgåveteksten?
- Fornuftig avgrensing?
- Nødvendig definering føreteke?
- Relevant innhald i høve til problemstilling?
- Fornuftig disponering av stoffet?
- Er kjeldebruken god?
- Kva er styrken til utkastet?
- Kva kan betrast?



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Brynjulv Ivar Gjerdåker 26.06.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning