Kvar og når kan du registrere deg?

1. Nye studentar- Oppretting av brukarkonto/passord for IT-tenester
Kan gjerast frå alle PC'ar med internettilgang. Her kan ein også få nytt passord om ein gløymer det gamle. 

2. Registrering på Studentweb
StudentWeb er tilgjengeleg
frå alle PC'ar med internettilgang. Siste frist for registrering og stadfesting av utdanningsplan er 1.september. Ver obs på at du ikkje får tilgang til Fronter (høgskulen sitt system for e-læring) før du har registrert deg, og av omsyn til dette kan det vere for seint å registrere seg 1.september.
G
å til registreringssidene. Dette er ei tilrådd og veldig nyttig side

3. Betaling av semesteravgift
B
ruk din lokale bank. Du kan bruke nettbank på datamaskiner i Berte Kanutte-huset. Om du mistar giroen finn du konto- og kidnummer i studentweb.

4. Utskriving av semesterkort
Studentar i Volda kan få semesterkort på Sørvistorget i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Du må ha betalt og registrert deg for å få semesterkort, sidan dette er kvittering for betalt semesteravgift og stadfesting av at du er aktiv student.
Studentar utanfor Volda kan bestille på sorvistorget@hivolda.no eller på telefon 7007 5018 / 7007 5000.

Studielån blir tilsendt etter at du har betalt semesteravgift og registrert deg i Studentweb.
Les meir

Treng du hjelp til registrering?
Du vil kunne få hjelp ved Sørvistorget i Berte Kanutte-huset ved semesterstart. Du kan også få hjelp via telefon 70 07 50 18 eller ved å sende mail til sorvistorget@hivolda.no.

Opningstider på Sørvistorget:
Sørvistorget si opningstid er 9.00 til 15.00 tysdag til fredag. Måndag opnar vi ein halv time seinare (9.30), grunna internt møte.
Utanom opningstidene vil du finne oss på kontora våre, dersom det hastar å få hjelp.
« Tilbake