Praktiske utfordringar – korleis kome i gang?

1. Finn så mykje informasjon som mogleg.
Du finn mykje på nettet.

2. Tenk nøye gjennom desse spørsmåla:
KVA skal du studere? – Passer studiet inn i di norske utdanning? – Har ein avtalar som er tilpassa den utdanninga du tek her ved HVo? – Fører den utanlandske utdanninga deg dit du vil?

3. KVAR vil du dra?
Tenk over kva for språk du kan, og kor mykje du vil satse på å lære deg eit nytt. Det kan løne seg å vere fleksibel ved val av studieland/-stad.

4. NÅR vil du dra?
Før du kan reise ut som utvekslingsstudent må du ha studert minst eitt år ved HVo. Mange land har ei anna inndeling av studieåret enn vi har; dette må du ta omsyn til når du planlegg. Du kan vere borte frå 10 veker til eitt år.

5. Kontakt internasjonal koordinator som har eit serleg ansvar for
internasjonalisering og utveksling. Her vil du få oversyn over kva for alternativ du har. Bu deg godt og rådfør deg helst med faglærar eller andre på seksjonen/instituttet/avdelinga.

6. Få førehands godkjenning.
Kor du enn drar er det viktig å få godkjent dei faga/studia du skal ta i utlandet på førehand.

7. Send ein eventuell stipendsøknad til internasjonal koordinator som har oversikt over søknadsfristar (NORDPLUS 1.februar; ERASMUS 15.mars)

8. Kontakt Lånekassa.
Ta kontakt med Lånekassa og informer dei om når du skal reise og kor lenge du skal vere borte. Lånekassa kan gje deg oppdatert oversyn over kor stor ekstra stønad du kan rekne med. Ta med skriv frå HVo som seier at studiane i utlandet er godkjent. Dette får du frå avdelinga di.

9. Bu deg på språket.
Nokre land krev at du kan dokumentere at du har gode nok språkkunnskapar til å følgje undervisninga der. Det kan hende du må ta ein språktest. Sjølv om det ikkje vert kravd slik test, kan det vere smart å friske opp gamle kunnskapar, om det er lenge sidan du brukte språket aktivt.
Drar du som ERASMUS-student til eit ikkje-engelskspråkleg land, kan du få 15.000 i ekstra stønad frå Lånekassa for å gå på språkkurs i vertslandet.
Dette er eit godt høve til å få praktisere språket blant dei innfødde og verte kjent med landet og kulturen før du tek fatt på studiane.

NÅR DU HAR VORE GJENNOM ALT DETTE, SKULLE DET MESTE VERE I BOKS, SÅ DÅ ER DET BERRE Å SJÅ FRAM TIL AVREISA OG GLE SEG!!
LUKKE TIL!




Sist endra 07/03/02