Møre og Romsdal Fylke, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal, Seksjon barnehage og Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning inviterer til Barnehagekonferansen 2005.

Resursside for kursdeltakarar

Liten, eg?
- om likestilte og likeverdige jenter og gutar, kvinner og menn i barnehagen.

Ein konferanse for pedagogar tilsett i barnehagar i Møre og Romsdal og Barnehageansvarlege på kommunenivå.

Årets barnehagekonferanse tek for seg likeverd og likestilling i barnehagen.
Kvalitet i barnehageverksemda vil vere eit gjennomgåande tema.  

Den nasjonale planen "Den gode barnehagen er ein likestilt barnehage" (2004-2007) har to likeverdige fokus:  Både å få fleire menn i barnehagane og å utvikle og styrke likestillingsarbeidet i den daglege verksemda med barna.
Rapporten "Klar ferdig gå - Tyngre satsing på de små" vart levert til Barne- og familiedepartementet i mars i år. Rapporten, som omhandlar kvalitet i barnehagesektoren, er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av professor Frode Søbstad, og med foredragshaldar Morten Halvorsen som ein av medlemane.

Vel møtt på konferanse!

 

 Program  Praktisk  Påmelding