Dette emnet er på 15 studiepoeng, og er obligatorisk for den som vil ta eit bachelorprogram innafor AHF.
Emnet er to-delt:
a) Eit kjernepensum som tilsvarar 10 studiepoeng med tre delar: humanistisk vitskapshistorie, tekst og tolking (hermeneutikk) og kunst og samfunn, og
b) eit kurs i vitskapleg skriving på 5 studiepoeng.
Førebels blir desse berre tilbode samla, altså som eitt 15 stp.-emne.
Det blir undervist på ettermiddagstid, førebels tysdagar og torsdagar kl 1515-1700. Oppstart veke 38 (torsdag 16. september).
Orienteringsmøte veke 38, tysdag 14. september kl 1515. Stad blir opplyst seinare.
Emnet har mappeeksamen og nettstøtte og ein kan ta det som fjernstudent. Innleveringar skjer på Classfronter.
Fagansvarleg lærar: Odd Monsson, tlf 70 07 50 43, e-post: om@hivolda.no
Studiekonsulent: Grete Marry Brøste, tlf 70 07 51 76, e-post gmb@hivolda.no
Studieplan med arbeidskrav og pensumliste. (Arbeidskrava er under justering.)